Studentar vil løyse barnehage-utfordringar


Studentar frå UiS og Universiteit Twente i Nederland har laga ein app som skal gjere det enklare å finne barnehageplass i Stavanger.

I samarbeid med Stavanger kommune deltek seks UiS-studentane i eit prosjekt for å finna betre løysingar for innbyggjarane i byen.

No har dei laga ein app som Stavanger kommune ønskjer å jobbe vidare med.

Ei fleirfagleg studentgruppe frå UiS vitja universitetet i Twente for å delta på det såkalla ECIU Creathon for Smarter Regional Development.

Kreativt maraton

«Creathon» er eit kreativt maraton der unge gründerar, studentar og andre med kreativ bakgrunn kjem saman for å finne ei løysing på ei bestemt oppgåve. Som medlem av ECIU – European Consortium of Innovative Universities vart Universitet i Stavanger invitert til å delta.

Med bakgrunn frå høvesvis Business and innovation, Energi, miljø og samfunn, Datavitskap og Byplanlegging gav dei seks studentane ut frå kvar enkelt sine kompetanseområder og ståstadar seg i kast med følgjande spørsmål:

Korleis kan vi gje unge familiar i byen eit betre tenestetilbod?

Enklare for småbarnsforeldre

Problemstillinga er utarbeidd i nært samarbeid med Stavanger kommune, som også var til stades i Nederland saman med studentane. Byen har gjort tilgjengeleg ei rekkje data som kan vera nyttige når det gjeld å skapa nye digitale løysingar.

Eitt døme er om informasjon om barnehagar, trafikkmønster og andre typar data kan brukast til å gje ein ny familie i Stavanger det barnehagetilbodet som passar best for dei.

– Mannen min er tilsett i Stavanger kommune og dette er eit tema som dukkar opp kvart år, så for meg er dette eit interessant prosjekt. Det er nøydt til å finnast ein betre måte å handtere utfordringa på, og då kan det vera nyttig med nye idear og andre måtar å tenka på, seier Michal Erica Peter-Anderson, masterstudent i byplanlegging.

Løysa reelle problem

– Eg trur mange problem kan løysast med datateknologi. Eg hadde lyst til å delta på ECIU Creathon slik at eg kan bidra til å finna løysingar på verkelege problem, seier datateknologi-student Jungwon Seo.

Dei to blei sett på lag med to studentar frå Twente under Creathon-arrangementet. I løpet av helga utvikla dei ein ferdig, testbar Google-app, som blei kåra til beste løysing av arrangørane.

Appen let foreldre leggje inn data om kvar dei bur og jobbar, kva slags arbeidstider dei har og kva slags transportmetodar som er mogleg og ønskjeleg. Dette vert kopla mot data om kva barnehagar som fins rundt om i kommunen, og deira opningstider. På det grunnlaget føreslår programmet barnehagar som kan redusere tidsklemma for foreldra.

Nytte for utlendingar

Ein slik app vil venteleg ha stor nytte for foreldre som skal velje barnehage for første gong, og ikkje minst utlendingar som ikkje kjenner så godt til korleis ting fungerer i Noreg.

– Mange kulturar har heilt andre barnehagesystem enn vårt. Ta Sør-Korea, der lagkameraten min Jungwon kjem frå. Der har dei bussar som plukkar opp borna nær heimen og tek dei med til barnehagen. Viss ein utanlandsk familie vel barnehage i Noreg ut frå denne føresetnaden, kan det føre til at dei legg vekt på pedagogisk profil eller liknande, i staden for kvar i byen barnehagen ligg og kor praktisk kvardagen kjem til å bli, seier Peter-Anderson.

De fire andre UiS-studentane var med i to andre grupper, som jobba med liknande problemstillingar.

– Aktuell løysing

Linn Jensen på Stavanger kommune sitt smartby-kontor var med til Nederland. Ho er særs nøgd med studentane sin innsats.

– Løysinga til vinnarlaget er veldig aktuell. Studentane har vist god innsikt i problemet, og tatt med fleire gode refleksjonar inn i løysinga, som allereie er ein prototype. Vi håper å kunne invitera vinnargruppa til eit møte for å fortelje meir om løysinga og korleis dei ser for seg å utvikla den vidare, seier Jensen.

Innovasjon i utdanninga

Minnah F. Haniffa representerer Senter for entreprenørskap ved UiS. Ho trur slike prosjekt kan bidra til at studentane får utfordra seg sjølve ved å arbeide med problemstillingar frå den verkelege verda.

– Det som er så flott med dette ECIU-prosjektet er at det er fleirfagleg. Det er det som skaper aha-opplevingar. Entreprenørskap står veldig høgt i utdanningane våre, det same gjer samarbeid med institusjonar i privat og offentleg sektor. Universitetet i Stavanger har eit mål om å løysa utfordringar i samfunnet, og det er det vi prøver å gjera med dette prosjektet.

Creathon er berre ein av mange aktivitetar UiS deltek på i ECIU-nettverket. Les meir her.

Tekst: Unni Berland og Leiv Gunnar Lie 
Foto: Leiv Gunnar Lie


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (24.09.2018)

Skriv ut artikkel print symbol
Foto på campus av studentane som er med i Creathon-prosjektet
Studentane, frå venstre: Elisabeth Stene, Michal Erica Peter-Anderson, Yuen Ching Margot Cheung, Kenny Kaluiji, and Jungwo Seo