Ny teknologi forbedrer sauesanking


Ragnar Stølsmarks doktoravhandling kan gjere det både enklare og rimeligare å spore dyr i område med dårleg GSM-dekning.

Sauebønder bruker GSM-sendarar på dyra for å kunne finne dei igjen etter at dei har vore på beite. Men mange stader i fjellheimen er det dårleg mobildekning, slik at sauene blir digitalt usynlege. 

Stølsmark sitt doktorgradsprosjekt tok føre seg utfordringar med sporing av sauer i slike område. I løpet av prosjektet vart det mellom anna utarbeidd ei ny teknologisk løysing, der andre sauer kan fange opp og sende vidare posisjonen til dei som er utanfor dekningsområdet.

Dette har vist seg å føre til ei drastisk forbetring av dekninga i slike område. 

Stølsmark (31) er utdanna sivilingeniør i datateknikk frå UiS. I doktorgradsarbeidet var han knytt til Institutt for data- og elektroteknikk, under vegleiing av førsteamanuensis Erlend Tøssebro og professor Hein Meling

Stølsmark forsvarte si doktoravhandling i disputas ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet 20. desember 2017.

 


Sist oppdatert av Hildegard Nortvedt (23.02.2018)

Skriv ut artikkel print symbol
Saueflokk i tåke