Disputas om bølgjebelastning på offshore-installasjonar


Jose Jithin (29) har avlagt doktorgrad i teknologi og naturvitskap. Han forsvarte avhandlinga ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultet 19.desember.

Offshore strukturar som er installert på grunt vatn kor havbotnen skrånar, er utsett for ikkje-lineære bølgjer.

Spesielt er krefter frå brytebølger eit stort problem for slike strukturar. Det er viktig at desse strukturane er laga for å tole store slamming bølgjelaster frå brytebølgjer.

Understellet på offshore vindturbinar er hovudsakeleg monopælar, som betyr at konstruksjonen står på ein «fot». Men i seinare tid er jackets, med fleire «føter», blitt populære. Denne strukturen har mange fordeler, men det manglar kunnskap om korleis desse bør utformast for å kunne stå imot brytebølger. Det som finst av kraftmodellar gjeld stort sett monopælar.

Jose Jithin har i si avhandling gjort ein detaljert studie av korleis brytebølgje-interaksjonar påverkar jackets. Det har han gjort ved bruk eksperimentelle data av høg kvalitet. Forskinga dannar grunnlag for å gi berekraftige anbefalingar korleis jackets kan designast for å tole brytebølgjer.

Tittelen på avhandlinga er «Offshore Structures Exposed to Large Slamming Wave Loads», og prosjektet er finansiert av NORCOWE og UiS.

Om kandidaten

Jose Jithin har under arbeidet med doktorgrada vore knytt til Institutt for maskin, bygg og materialteknologi på UiS, kor han no tilsett som postdoktor.  

Professor Ove Tobias Gudmestad (UiS) har vore hovudrettleiar, medan førsteamanuensis Charlotte Obhrai (UiS) har vore medrettleiar. 


Sist oppdatert av Karoline Reilstad (28.12.2017)

Skriv ut artikkel print symbol
Jose Jithin
Jose Jithin