Arktisk samarbeid


Russisk-norsk samarbeid skal førebu framtidas ingeniørar på å løyse utfordringar relatert til oljeutvinning i bitande kulde.

Snø, is, mørke, låge temperaturar og store avstandar, er berre noko av det ein må kjenne til når ein skal drive offshore-operasjonar i arktisk klima.

– Når det er minus 40 grader er det veldig vanskeleg. Dei som skal arbeide der må kjenne til desse utfordringane, seier professor Ove Tobias Gudmestad, ved Institutt for maskin, bygg og materialteknologi.

I prosjektet “Russian/Norwegain collaboration in offshore and ocean technology in artic environment” skal UiS samarbeide med Gubkin Oil and Gas University of Moscow for å auke kvaliteten på utdanning og forsking innan felta offshore- og havteknologi i arktiske miljø.

Hovudmålet er å sørge for at studentar har kunnskapen som trengs for å løyse utfordringane som offshore-industrien møter i nordområda, både når det gjeld miljøomsyn og offshore-teknologi innan subsea og marine-strukturar i kalde klima.

Denne veka er Vladimir Balitsky frå Gubkin Russian State University of Oil and Gas i Stavanger, blant anna for å møte russiske studentar og for å delta på konferansen COTech 2017. Han kjenner godt norsk oljehistorie og korleis Noreg har endra seg dei siste tiåra.

– Vi ønsker å lære av norske erfaringar på feltet, seier han og viser til at Russland har store reserver i nord.

Kunnskap for kalde klima

I prosjektet skal det dei neste to åra arrangerast sommar- og vinterskule, og nye studieemne skal utviklast og eksisterande emne skal oppdaterast.

– Målet med prosjektet er å gi kommande ingeniørar kunnskapen dei treng for å arbeide med offshore-operasjonar i kalde klima, seier professor Dimitrios Pavlou som er prosjektleiar frå UiS.

I tillegg til utdanning, er forsking sentralt i prosjektet. Forsking kan til dømes vera å undersøkje røyrleidningar i kalde områder.

Samarbeid i meir enn 20 år

Dei to institusjonane har samarbeida sidan 1991, og i 2010 starta dei første studentane på ei felles mastergrad innan Offshore Field Development Technology. I denne grad har studentar ved begge universiteta ein unik sjanse til å få to mastergrader. Så langt er 28 studentar fått dobbel grad, og fleire er i gang. Av desse er berre tre frå Noreg, og prosjektet tek sikte på å auke andelen.

Prosjektet får to millionar kroner i støtte gjennom UTFORSK-programmet som gir støtte til fagleg fundert samarbeid innan høgare utdanning, med sikte på langsiktige og institusjonelt forankra samarbeidsrelasjonar med landa Brasil, India, Japan, Kina, Russland og Sør-Afrika. Prosjektet startar offisielt i januar, og allereie til sommaren er den første sommarskulen i Moskva. I tillegg skal det arrangerast seminar og konferansar.


Sist oppdatert av Karoline Reilstad (30.11.2017)

Skriv ut artikkel print symbol
Studentar og forskarar
Studentane Yuri Egorov, Soslan Tsoraev, Eduard Kotliar, Egor Meshcheryakov, Danil Rusakov og Mikhail Chumikov saman med Ove Tobias Gudmestad, Bente Dale, Vladimir Balitsky, Dimitrios Pavlou og Marianne Sun May Per.