Hagland leiar for helseteknologinettverk


Hanne Røland Hagland skal leie det nyetablerte Nettverket for helse/helseteknologi ved UiS.

Nettverket, som skal arbeide tverrfagleg mellom teknologi og helse, ble etablert tidlegare i år. Hagland gler seg til å ta fatt på jobben.

– Dette blir spennande! Eg gler meg til å bli betre kjent med de ulike fagmiljøa og få møte interesserte aktørar i kommunal og privat sektor. Samfunnet vårt er i stor vekst, me lever lenger og har ulike helseutfordringar, seier ho.

Ho understrekar at for å finne gode løsingar på felles utfordringar må ein kunne knytte saman ressurspersonar frå forskjellige disiplinar og fagfelt. 

– Det er derfor veldig positivt at UiS, IRIS og SUS går saman for å auke kompetansen innan helse og helseteknologi. Eg er sikker på at det finst mange gode samarbeidspartnarar i regionen og min jobb blir å finne dei og knytte dei til nettverket, seier Hagland.

Samlar lokale krefter

Med seg i nettverket får ho forskarar frå fleire fagfelt ved UiS, samt IRIS, Stavanger universitetssjukehus (SUS), og andre verksemder i regionen. Nettverket skal samle lokale krefter for å stå sterkare i kampen om nasjonale og internasjonale forskingsmidlar innan helse og teknologi.

– Målet er å bygge opp eit fagmiljø med internasjonal slagkraft. Eit sterkt fagleg nettverk vil og kunne utvikle nye studium på sikt og bidra til fleire arbeidsplassar innan helseteknologi, seier Hagland.

Helseteknologi er ei viktig satsing for UiS, og Hagland viser til at det er mange moglegheitar når fagmiljøa helse og teknologi kjem saman for å samarbeide.

Hanne Røland Hagland er førsteamanuensis og senterleiar ved CORE (Centre for Organelle Research) ved . Ho skal fortsatt ha ei 20 prosent stilling ved instituttet medan ho leiar nettverket. Nettverket ligg under Det helsevitskaplege fakultet, og har fått finansiering for tre år.

Tekst: Karoline Reilstad


Sist oppdatert av Karoline Reilstad (29.11.2017)

Skriv ut artikkel print symbol
Hanne Røland Hagland
Hanne Røland Hagland