Disputas om avgjerdsstøtte under gjenoppliving av hjartestanspasientar


Kenneth Gundersen disputerer torsdag 23. oktober for ph.d.-graden ved Universitetet i Stavanger med doktorgradsavhandlinga “Use of electrocardiogram-based state estimates for decision support during cardiopulmonary resuscitation of out-of-hospital cardiac arrest patients”.

Disputasen finn stad kl.12.15 i auditorium E-164, Kjølv Egelands hus. Prøveforelesing kl 10.00 same stad. Oppgitt emne for prøveforelesingen: “Independent component analysis in cardiac applications”

Om avhandlinga
Eitt av problema som melder seg ved behandling av pre-hospital hjartestans er mangelen på informasjon om tilstanden til pasienten sitt hjarte. Viktige faktorar, som årsaken til og varigheita av hjartestansen, er ofte ukjende for ambulansepersonalet. Det har blitt vist at analyse av elektrokardiogram (EKG) kan gje ein relativt nøyaktig indikasjon på denne tilstanden. Dersom denne typen analyse vert vidareutvikla til å bli nøyaktig nok, vil han kunna rettleia ambulansepersonalet i behandlinga av pasienten. Som eit døme vil ein då kunna utføra dei viktigaste behandlingsalternativa hjarte-lunge-redning (HLR) og defibrillering (elektrosjokk) i ei optimal rekkjefylge.

Test av analysemetode
I avhandlinga si presenterer og testar Kenneth Gundersen ein analysemetode som gir meir presis informasjon om tilstanden til pasientens hjarte. Dette vert gjort med ein algoritme som tolkar nye målingar frå EKG i lys av målingar og resultat frå tidlegare defibrilleringar av den same pasienten. Vidare har Gundersen nytta EKG-målingane for å undersøkja kor raskt tilstanden forverrar seg når ein avbryt hjartekompresjonane. Desse resultata tyder på at for kvart sekund ein ikkje gjer kompresjonar, mister ein relativt sett om lag 1 prosent av sjansen for å få puls etter ei defibrillering. Til slutt har Gundersen ved hjelp av EKG-målingar utvikla ein statistisk analysemetode for å finna ut kva slags mål som avgjer kor effektive hjartekompresjonane er.

Resultat
Resultata tyder på at det er ikkje er kor djupe kompresjonane er, snarare krafta av kompresjonane i kombinasjon med stivheita til pasientens ribbein som avgjer effekten av hjartekompresjonane. Totalt peikar arbeida mot eit system som kan hjelpa ambulansepersonalet med å velja mellom å fortsetja HLR eller defibrillera med det same. Eit slikt system vil nytta EKG-målingane av hjartetilstanden til å føreseia om tilstanden kan betrast ved å utføra HLR før ein defibrillerer.

Kenneth Gundersen (32) er fødd og oppvaksen på Bryne. I 2004 tok han mastergrad i Informasjonsteknologi ved Universitetet i Stavanger.

Arbeidet med avhandlinga er utført ved Institutt for data og elektroteknikk ved Universitetet i Stavanger. Professor Trygve Eftestøl har vore rettleiar og førsteamanuensis Jan Terje Kvaløy har vore medrettleiar.

I evalueringskomiteen sit 1.opponent professor Leif Sörnmo (Lund Universitetet, Sverige), 2.opponent førsteamanuensis Vedad Hadziavdic (Universitetet i Tromsø), og administrator professor Kjersti Engan (Universitetet i Stavanger.

Leiar av disputasen: Prodekan for forsking, John Håkon Husøy, Det teknisk-naturvitenskapelige fakultet, UiS.


Sist oppdatert av (16.10.2008)

Skriv ut artikkel print symbol
Kenneth Gundersen