Faglige leiare for doktorgradsprogrammene på TN-fakultet


Professorane Peter Ruoff, John Håkon Husøy, Jayantha P. Liyanage, Reidar Bratvold og Ragnar Tveterås, er valde som faglege leiarar for doktorgradsprogramma innan biologisk kjemi, informasjonsteknologi, offshoreteknologi, petroleumsteknologi samt risikostyring og samfunnstryggleik.

Opprettinga av 20%-stillinga faglegleier har utgangspunktet sitt i styrevedtak 104/05. Dette vedtaket har utgangspunkt i vedtak i sak 54/05 i det sentrale forskarutdanningsutvalet, der det heiter:

"Det sentrale forskarutdanningsutvalet tilrår universitetsdirektøren å opprette sju 20%-stillingar som faglege leiarar for UIS' PHD-program.

Eksempel på oppgåver som vil omfattast av stillingane vil vere:
a) kontaktperson for PHD-programmet
b) førebuing av saker til doktorgradsutvalet
c) utvikling av PHD-programmet
d) koordinering av opplæringsdel
e) samarbeid med andre institusjonar med liknande program
f) initiativtakar til fellesseminar og arbeidsgrupper

Fagleg leiar skal vere ei fagleg stilling og må kunne støtte seg på ein forskaradministrativ person ved fakultetet som kan hjelpe med saksbehandling og mindre utgreiingar."

Dei faglege leiarane er p.t. identiske med dei ulike PHD-programmas representantar i fakultetet sitt doktorgradsutval, noko som lettar samkøyringa mellom verksemda til dette utvalet og verksemda til dei faglege leiarane. Ei viktig oppgåve for dei faglege leiarane i inneverande studieår vil vere ein gjennomgripande revisjon av katalogen over våre doktorgradsemner.


Sist oppdatert av Jon Bjelland (08.07.2009)

Skriv ut artikkel print symbol