Doktoravhandling om konsum av sjømat


Kristin Lien (54) har forsvart si dr. philos.-grad om konsum av norsk sjømat. I avhandlinga tek ho spesielt føre seg den russiske marknaden.

Noreg er blant verdas største eksportørar av sjømat og vi kjem høgt opp som produsent av både fanga fisk og oppdrettsfisk.

Kunnskap om etterspurnad og konsum av sjømat er difor viktig, både for næringa si lønsemd og dei enkelte land sine myndigheiter.

I sitt doktorgradsprosjekt såg Lien mellom anna på den russiske marknaden. Russland har ein voksande marknad for sjømat, og det er difor interessant å sjå korleis nye produkt frå akvakultur-næringa hevder seg i konkurransen med tradisjonell sjømat.

Prisleiande i Russland

Det viktigaste funnet i forskinga var at då oppdrettsartane pangasius og atlantisk aure blei introduserte, vart dei leiande på pris i sine marknadssegment. Eit anna funn var at russiske familiar vil byte ut heil sild med sildedelikatesser etter kvart som dei får betre råd.

Mykje av Lien si avhandling dreier seg likevel om norske tilhøve. Mellom anna slår forskinga hennar fast at mediemerksemd, enten den er positiv eller negativ, har lite å seie for kor mykje laks vi kjøper.

Kresen på fersk fisk

Norske forbrukarar ser ut til å vere lite kresne til om dei kjøper laks, torsk eller sei når det er snakk om frysevarer. Skal fisken vere fersk, er det derimot viktig å kunne tilby akkurat den typen fisk kunden er ute etter.

Lien finn også at konsumet av sjømat går ned når det kjem barn inn i eit hushald. Likevel har norske barnefamiliar brukt stadig meir pengar på sjømat sidan 2005. Forskarar trur dette heng saman med meir introduksjonen av nye og lettvinte produkt, spesielt «lakselenka» med fryste filetar.

Om kandidaten

Kristin Lien er 54 år og frå Tromsø. Ho er cand. polit. Frå Universitetet i Bergen (1992) og arbeider til dagleg som marknadsanalytikar i Noregs sjømatråd.

I sitt doktorgradsarbeid har Lien vært knytt til Institutt for industriell økonomi, risikostyring og planlegging (IØRP). Avhandlinga hennar har tittelen «Etterspørsel etter sjømat; trender og drivere».

Lien forsvarte si doktoravhandling i disputas 21. april 2017.

 


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (11.05.2017)

Skriv ut artikkel print symbol
Kristin Lien phd
Kristin Lien har disputert om sjømat