Internasjonal pris til doktorgrad på tryggare skipsfart


Knut Espen Solberg er tildelt ein internasjonal innovasjonspris for doktorgradsarbeidet sitt ved Universitetet i Stavanger på utprøving av sikkerhetsutstyr i arktiske strøk. Den praktiske delen av testinga skjedde under ekspedisjonen SARex i isen ved Svalbard i april i år, i regi av Universitetet i Stavanger.

Solberg er tilsett som vinteriseringsekspert i Stavangerselskapet GMC og har samarbeidd tett med klasseselskapet DNV GL om utprøving av redningsutstyr i sjøisen. Tildelinga skjedde under ein konferanse i Montreal i regi av «Arctic Shipping North America».

- Vinterisering er å utrusta og klargjera fartøy og installasjoner for operasjonar i farvatn der låg temperatur, vind, snø og ising er dei største utfordringane - også for tryggleiken til den enkelte, seier Solberg.

Gjennombrot

Han legg til at før ekspedisjonen til Svalbard i vår fanst det svært lite praktisk forsking på korleis menneskekroppen reagerer på lengre opphald i og på redningsutstyr i arktisk kulde og over lengre tid.  

- Polarkoden, som den internasjonale maritime organisasjonen IMO no har vedteke som bindande for bransjen, er eit gjennombrot for arbeidet med tryggleiken til sjøs, seier professor Ove Tobias Gudmestad ved Institutt for konstruksjonsteknikk og materialteknologi ved Det teknisk-naturvitenskapelige fakultet ved Universitetet i Stavanger.

Viktig for cruisetrafikken

Gudmestad var ansvarleg for ekspedisjonen i isen på Svalbard i vår. Han har arbeidd i mange år med dei ekstreme utfordringane nord-områda representerer for olje- og gassnæringa og var svært spent på resultatet når den «menneskelege faktoren» skulle setjast på prøve.

- Resultata frå Svalbardekspedisjonen er eit viktig bidrag til det vidare arbeidet med tryggleiken i polare strøk, ikkje minst gjeld dette den aukande cruisetrafikken med stadig større skip og i svært krevjande farvatn med kulde og is, seier Gudmestad.

Les meir om ekspedisjonen til Svalbard her og i Open Research.

Tekst og foto: Lars Gunnar Dahle


Sist oppdatert av Hildegard Nortvedt (14.10.2016)

Skriv ut artikkel print symbol