- Forsking er nøkkelen til IOR


Ein aukande del av oljeproduksjonen skjer i dag på store havdjup og med avansert undervannsutstyr. Samstundes har styresmaktene og industrien sett seg djerve mål når det gjeld å henta opp endå meir av reservene under havbotnen.

- Dette er ei utfordring i høve til teknologien og utstyret som trengs for å auka utvinninga frå felta gjennom bruk av IOR (Improved oil recovery), og forsking er nøkkelen til at dette skal lukkast, seier Aksel Hiorth, professor ved Det teknisk-naturvitenskapelige fakultet ved Universitetet i Stavanger.

Hiorth er forskingsdirektør ved det nasjonale IOR-senteret og har dermed ansvar både for arbeidet med oppskalering og forbetring av nye utvinningsmetodar og for at fotavtrykket frå IOR-arbeidet skal bli så lite som råd er.

Nasjonal dugnad

Senteret er i hovudsak finansiert av  Forskningsrådet og er gitt oppdraget med å utvikla metodar for å maksimera produksjonen av både av «mobil» olje, som finn vegen til overflata meir eller mindre ved eiga hjelp, og for den «immobile» olja, som må hjelpast opp. Dette kan skje gjennom så vel tekniske som kjemiske metodar. Kravet er uansett at det skal skje på ein så skånsom måte som mogeleg.

- Dette er eit gigantisk dugnadsarbeid der IOR-senteret samarbeider tett og langsiktig med så vel universitet som forskingsinstitusjonar, industrien og oljeselskapa. Universitetet i Stavanger har lagt bak seg to av dei fem åra med nasjonalt ansvar for IOR-arbeidet og har har i samarbeid med industri og forskingsmiljø teke viktige skritt på vegen mot meir effektiv utvinning av olje og gass på norsk sokkel. Hiorth minner likevel om at den neste dråpen alltid krev litt meir å bli produsera enn den forrige.

Lang, lang rekke

Sjefsforskar Arne Stavland ved forskingssenteret IRIS er ein av dei sentrale bidragsytarane i arbeidet med å få opp meir av dei ettertrakta hydrokarbonane. Saman med kollega og seniorforskar Siv Marie Åsen kan han fortelja om eit gigantisk puslespel der forskarane kjempar mot både tid og fysikk.

Polymerar er stikkordet. Ein av dei mest brukte metodane for å henta opp restolje frå reservoaret på er å tilføra injeksjonsvatnet lange strukturar av mikroskopiske molekylar som gjer det meir viskøst. Desse skal fortrenga olja frå dei ørsmå porene i undergrunnen og skyva denne mot produksjonsbrønnane og vidare fram til overflata.

- Men det er mange hinder på vegen, fortel Stavland. Polymeret er svært følsomt for endringar i fart, trykk og retning og det skal lite til før dei løyser seg opp og mister evnen til å skyva olja framfor seg.

Han fortel at denne utfordringa er blitt større dei siste åra, fordi mykje av utstyret no står på havbotnen og polymeret vert difor utsett for store påkjenningar og brote ned  på vegen gjennom trange ventilar og røyr.

Storskalaforsøk

For å motverka dette arbeider industrien med å utvikla enklare utstyr og separate røyr for distribusjon av polymer i reservoaret slik at polymeret ikkje taper evnen til å driva hydrokarbonane mot overflata.

Dette er eit resultat av funna som vart gjort under storskalaforsøket som IRIS har gjennomført saman med Halliburton.

-Det har vore eit krevjande prosjekt, som ikkje kunne ha vore gjennomført utan at oljeselskap og leverandørar stilte utstyr, tid, kjemikalier og mannskap til rådvelde.

Tilbake har bransjen fått auka kunnskap om bruk av polymer og korleis effekten av denne kan styrkast gjennom planlegging, design og drift av anlegga. Det gjed mellom anna utforming og storleik på røyr, pumper og anna utstyr.

- Det er kostbart å endra på eksisterande anlegg, seier Stavland, som trur den største gevinsten vil kunna hentast på framtidige produksjonsanlegg, som Johan Sverdrup. Les meir om polymerforsøket.

Tekst: Lars Gunnar Dahle
Foto: Mari Løvås

 


Sist oppdatert av Karoline Reilstad (24.01.2017)

Skriv ut artikkel print symbol