Automatisering gjer boreoperasjonar tryggare


Den nye strømmingsriggen som Institutt for petroleumsteknologi (IPT) nyleg tok i bruk, er viktig i forskinga omkring større tryggleik rundt boreoperasjonar til havs.

Riggen er ein del av det nye MPD-laboratoriet («Managed Pressure Drilling»). Midlar til laboratoriet er gitt UiS som del av Statoil Akademia-avtalen og viser kor viktig industrien meiner automatisering av bore- og brønnprosessen er i arbeidet for tryggare operasjonar til havs. I tillegg til dei nye strømmingsriggane gjev Statoil også midlar til ph.d.- og postdoc-arbeid.

Boring av djupe brønnar til havs inn i reservoar med høge trykk og med små marginar for variasjon i tillatne brønntrykk utgjer ein stor risiko. Ein av desse er «gass-kick», ei ukontrollert innstrøyming av reservoargass under høgt trykk, som kan gje utblåsingar. 

Under fagseminaret i forkant av overleveringa gjorde sjefsforskar i Statoil, Stein Børre Torp, greie for utfordringane bransjen har i høve til å auka effektiviteten slik boreoperasjonane er organisert i dag.

- Lær av luftfarten

- Olje- og gassnæringa må ta lærdom av måten luftfarten har utnytta ny teknologi og automatisering på i arbeidet med å betra tryggleiken, sa Torp, og fekk full støtte i dette frå IPT-professorane Kjell-Kåre Fjelde og Gerhard Nygaard.

Den nye MPD-riggen er sett saman av tre delsystem med kvar sitt forskingsfokus og dei vil kvar på sin måte bidra til å auka kunnskapen om korleis boring- og brønnarbeid kan gjerast tryggare og meir effektivt. Utstyret blir viktig i UiS sitt arbeid med å utvikla sikrare måtar å arbeida på.

Fleirfasedugnad

Om lag 15 medarbeidarar, forskarar og studentar, har teke aktiv del i arbeidet med bygginga av det som i praksis er ein rigg for dynamisk fleirfasestrøyming. Det vil seie samstundes strøyming av olje, vatn og gass under stadig varierande strøymingsforhold.

- Rigganlegget me har bygd no passar godt inn i det omfattande fleirfaselaboratoriet ved IPT, og kan dra nytte av avanserte målemetodar som er innkjøpt og utvikla i over 30 år, seier professor Rune Time.

Tekst og foto: Lars Gunnar Dahle
(Først publisert 30.06.16)


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (17.01.2017)

Skriv ut artikkel print symbol