UiS del av tradisjonsrik, global universitets-samanslutning


I går signerte rektor Marit Boyesen og prorektor Dag Husebø Magna Charta Universitatum, som sameiner universiteta over heile verda i felles prinsipp for ytringsfridom og demokrati.

Magna Charta Universitatum er eit dokument som fyrste gong blei underskrive i italienske Bologna den 18. september 1988, av 388 rektorar og representantar for universitetsleiingar frå heile Europa og utanfor. Datoen markerer 900-årsdagen for grunnlegginga av universitetet i Bologna.

I går – 30 år seinare – slutta endå fleire universitet seg til prinsippa i dokumentet. Eitt av desse er Universitetet i Stavanger, representert ved Marit Boyesen og Dag Husebø. Den høgtidelege seremonien med signering og prosesjon fann stad i Salamanca i Spania, og igjen er tidspunktet valt ut frå ei historisk markering, nemleg at det er 800 år sidan universitetet i Salamanca vart grunnlagt.

Så langt har Magna Charta Universitatum vorte signert av 816 universitet frå 86 land. Blant dei norske som har skrive under på dokumentet er Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen og Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU), og no altså UiS.

Hegnar om akademisk fridom

UiS søkte i juni og fekk i august positivt svar. For å få innpass måtte UiS ha tilråding frå tre andre universitet.

Marit Boyesen sa før ho drog til Salamanca i Spania at ho synest det er viktig at UiS går saman med eit stort tal av universitet verda over når det gjeld omsynet til den frie forskinga, demokrati og ytringsfridom.

– Vi er eit ungt universitet. Men dette handlar ikkje om alder. Dette er varige verdiar som også vi som ungt universitet skal bidra til å halde i hevd. Vi treng å vere basert på kunnskap og historie, fordi vi er ein akademisk institusjon, seier Boyesen.

– Eg synest det er viktig at vi er med i denne samanslutninga ettersom ho byggjer opp under universitetet sine grunnleggjande verdiar, som å sikre fri og uavhengig forsking, demokrati og ytringsfridom. Sjølv om vi legg vekt på godt samarbeid med innovasjonsmiljø og næringslivet, så er grunnmuren vår knytt til tradisjonsrike prinsipp, særleg institusjonell autonomi og akademisk fridom, påpeiker Boyesen.

Ho legg òg til at det handlar om at utdanning og kunnskap ikkje skal vere berre for eliten, men bli utforma og gjort tilgjengeleg for folk frå alle samfunnslag.

Organisasjonen som administrerer Magna Charta Universitatum er ein uavhengig organisasjon. Og dei universiteta som – gjennom rektorar og leiing – signerer dokumentet, forpliktar seg til å overhalde prinsippa i Magna Charta Universitatum.

Fagfellar skal vurdere kvalitet

Magna Charta Universitatum byggjer på eit sentralt historisk dokument frå middelalderen, Magna Carta Libertatum (eller berre Magna Carta). Det er Magna Carta som slår fast prinsippet om at ein fri mann berre kan bli dømt av sine likemenn – og etter lova. Dette prinsippet står framleis sterkt –  det er grunnen til at vi i dei fleste land finn både ein jury og ein dommar i rettssalane.

– Universiteta og vitskapen følgjer same Magna Charta-prinsipp om at ein skal dømast av likemenn. Det er fagfellar som skal vurdere kvaliteten på eit vitskapleg arbeid, ikkje departement eller konge, seier Stig Atle Selmer-Anderssen, seniorrådgjevar i Utdanningsavdelinga, som har arbeidd med UiS sin søknad om å bli tatt opp som medlem i Magna Charta Universitatum.

Tekst: Karen Anne Okstad


Sist oppdatert av Karen Anne Okstad (01.10.2018)

Skriv ut artikkel print symbol
Marit Boyesen og Dag Husebø.
I går var UiS-rektor Marit Boyesen og prorektor Dag Husebø med og feira 800-årsdagen til det ærverdige universitetet i Salamanca, som vart grunnlagt i 1218.
AD-HOC TELEFON FOR AV-HENVENDELSER

IT-avdelingen har opprettet en egen ad-hoc telefon for AV-henvendelser. Telefonen er til bruk når en trenger rask hjelp til å løse AV-problemer i en undervisningssituasjon, på møter og andre arrangement. Tjenesten gjelder Ullandhaug, innen vanlig arbeidstid.

Tlf.nr. er (518) 34567