Bjørn Kvalsvik Nicolaysen: Allmøte om strategiordskiftet den 6. mai


Takk og lov, Ole Bjørn Rongen berga meg frå å halde kjeft for framtida. Og sånn er politikken, etter mi meining (sosialdemokrat som eg er): Så lenge nokon tykkjer dei har glede av diskusjonen,så går den vidare.

Av professor Bjørn Kvalsvik Nicolaysen, Institutt for kultur- og språkvitenskap (publisert 22.04.08 på debattsidene på UiS.no)

Eg vart førre veka litt kjenslevâr for styreleiars posisjon. Difor mitt innlegg 17.04. Altså, eg har i eit par saker markert at eg ikkje er samd med Rektor, sjølv om eg respekterer henne mykje. Og så ser eg altså at Rektor står fram og står for nokre saker. Som eg sjølv til dels ikkje er samd i, men som eg til dels også kan vere med på.

Kva gjer ein så? Kan ein stå der og provosere, eller å be, om tilbakemelding, i det uendelege? Nei, det kan vi vel ikkje. Dei fleste av oss har familie og veit at det å late vere å reagere - også er eit maktmiddel.

Javel. Skal vi analysere mangelen på reaksjon hos fleirtalet av UiS-tilsette som eit maktmiddel? Ja det trur eg. Det er i pakt med tidlegare tiders reaksjonsmønster. Og det trur eg Rektor bør ta svært, svært alvorleg.

For det seier noko om at UiS-personalet er kome til eit grensepunkt. Der er ting som no bør ut i det opne, før det blir problem av det. Joda, ein del av administrasjonen kan vel alltids tenkje og jamvel seie at folka hos oss gjerne går med på det meste berre dei skjønar at motstand ikkje nyttar. Eller? Eg veit ikkje om nokon seier noko slikt i Staben, eg. Har aldri høyrt det. Men - skal eg vere ærleg, har eg somtid mistenkt at det er alt for mange hos oss, som går med på alt for mykje.

Gildare då, med frie ordskifte.

Lat oss prøve, lat oss møtast den 6. mai klokka 12.15 i Kjell Arholms hus, auditorium 1, og sjå kva vi får ut av det.

Om vi ikkje har tenkt så alt for langt på strategiplanen, så skitt au, vi kan starte der. Då har vi heile seks veker att til styremøtet 12. juni. Og åtte veker frå idag...

Det kan vel vere eg plagar dykk med framlegg til dagsorden, dessutan nokre stikkord til diskusjon, innan dess.

Sist oppdatert av (22.04.2008)

Skriv ut artikkel print symbol
Debattforum
Innleggene på denne siden er hentet fra debattforumet på UiS.no