Bjørn Kvalsvik Nicolaysen: Korleis kjem vi framover i strategiordskiftet?


Det er lett å vere samd med fleire av dei kritiske røystene både til det som til no er lagt fram og til sjølve debatten (mine eigne sporadiske innlegg inkludert). Spørsmålet er likevel no framover: Koss kjem vi fram til vituge strategiformuleringar?

Av professor Bjørn Kvalsvik Nicolaysen, Institutt for kultur- og språkvitenskap (publisert 11.04.08 på debattsidene på UiS.no)

Eg har alt lansert min hypotese om kvifor det er blitt litt frenetisk fokus omkring ekstern inntening, kommersialisering etc., med - etter mi meining - overdrivne forventningar. Vi har faktiske vanskar med å tene det vi bør ha, gjennom studiepoengsproduksjonen og andre statlege inntekter ("bevilgningsfinansiering", BFV). Altså tenkjer somme sentralt plassert seg at vi kan kompensere gjennom ekstern finansiering (EFV). Enkelt tenkt, og for enkelt. Både må vi leggje om arbeidsmåtane våre så vi kan tene meir statlege pengar, og vi må skaffe meir forskingsmidlar på dei måtane det kan skaffast - NFR, EU eller frå næringslivet - men dette krev tenking om organisasjon, målsetting og fagleg, ikkje minst vitskapleg, vurderingsevne og kontroll. Koss sikrar vi slikt?

Jo, ved at dei faglege miljøa på institutt og senter kringom seier frå om koss dei ser for seg framtida. Det er sjølvsagt kanskje eit problem at i 2020 vil mange av dei tilsette idag vere pensjonistar, og ikkje alt for opptekne av å planleggje etterbyrden eller for dei komande generasjonar. Neivel, så set dei som er litt yngre til å gjere det, då.

Vi bør i allefall som universitet med stoltheit og sjølvrespekt, kunne komme opp med konkrete positive påstandar om kva det er vi ynskjer å føreta oss. Likar ein ikkje nemninga "nyskapingsuniversitet" (som jo er lang og kluntete), og heller ikkje realiteten i ordet, heller ikkje påstandar om at vi faktisk har skapt mykje nytt her - ja, så formuler alternativet, då. Ingen kan vel vente at dei som har formulert forslaget som no ligg føre, framlagt i styremøtet 10.april, sjølve skal formulere motforslag til sitt eige forslag? Kor mange kan i det heile klare noko slikt, om dei prøver?

Så eg skulle ynskje folk gjekk igang med å leggje inn konkrete forslag, sende dei inn kvar for seg, gjerne også her på nettsidene, gjerne skrive i SA, men i alle fall, sørge for at dei blir drøfta på institutta og innleverte gjennom styrar eller fakultetsråd eller på den mest eigna måte.

Strategiplan blir det, om det er så eller så, det ventar også Departementet av oss, så no nyttar det ikkje å vente til etter juni med å seie frå kva ein tenkjer seg å få gjort i framtida.

Sjølvsagt kan ein også seie frå kva ein ikkje vil, og grunngje det, og eg for min del er også svært skeptisk til nyliberalistiske tendensar i tenking omkring vitskap. Men det er likevel vanlegvis meir effektivt å seie kva ein faktisk vil, og koss ein eventuelt vil møte det trugsmålet ein ser i nyliberalismen.

Vi får lage oss nokre møte, når vi finn tid (eg er oppteken dei næraste par vekene), og halde diskusjonar i plenum, det ser ut til å vere rimeleg grunnlag for det. Men det er jo møtefridom, alle kan halde dei møte dei lystar i nærmiljøa og komme med dei forslag dei føler for.

Jaja, det var nu bare noget.

Sist oppdatert av (14.04.2008)

Skriv ut artikkel print symbol
Debattforum
Innleggene på denne siden er hentet fra debattforumet på UiS.no