Bjørn Kvalsvik Nicolaysen: Nokre merknader om entreprenørskap


Sjølv om eg reknar "entreprenøruniversitetstanken" hos oss som noko ganske jamlikt science fiction eller urbane eventyr (sistnemnde er ikkje berre eventyr, som somme vil vite, men også skrekkhistorier), så er eg sjølvsagt ikkje imot entreprenørskap og gode løysingar på praktiske problem.

Av professor Bjørn Kvalsvik Nicolaysen, Institutt for kultur- og språkvitenskap (publisert 07.04.08 på debattsidene på UiS.no)

Odd Einar Olsen her ved bruket har jo alt forlengst synt koss det hadde seg at ein hadde så mange parate ingeniørar her i fylket då oljealderen kom, eller snarare, at ein hadde ei mobilisert innstilling for omstilling. Dei gamle elektromotorane i hermetikkindustrien kravde mykje omarbeiding etter kvart som nye utfordringar kom til, elektroingeniørane vart såleis litt av ei oppfinnargruppe. Dette er ei dømesoge som viser betydninga av at ein har evne til å bruke det gamle ein har tilgjengeleg, for å lage nye løysingar.

Då eg i sosialantropologien, som var mellom dei relativt mange fag eg heiv meg over i min nyfikne ungdom, lærde noko om at entreprenørar, det er folk som er i stand til å stå med ein fot i den gamle og ein fot i den nye tid, og lage tilpassa overgangsløysingar, så forkasta eg August Strindbergs syn på entreprenørar som kyniske utbyttarar av situasjonen, som eg hadde eg lese om då eg ein kort periode studerte på Uppsala-universitetet.

Sidan forstod eg altså at det å vere entreprenør, kan vere å tilby løysingar som andre ikkje har tenkt på, og som får verda til å gå smidigare vidare. Dette er jo ein god ting, gildt å vere og slett ikkje noko å vere imot.

Så eg er ikkje imot entreprenørskap. Tvert om har eg i fleire vender - men ganske så mislukka så langt - prøvd å få mitt eige fakultet til å gå inn i samarbeid om bokbransjestudiar (spørsmålet blei forhalt så lenge at dei aktuelle partnarane vart drittleie, for å seie det slik); eg har prøvd å få til driftsmidlar som kan gjere det mogleg å etablere samarbeid med næringslivet, eller i det minste få lov til å rekne det som arbeidstid at eg førebur slike prosjekt, osb. Så det er klart at eg eit stykke på veg kan kjenne samhug og stor forståing for dei som synest at ein organisasjon av vår type innafor visse område er litt treg, litt tung å få i siget, for å gire om og lage praktisk anvendelege løysingar på viktige problem. Som døme kan nemnast kommunikasjon i næringslivet, arbeidslivets tekstar (emne på PhD i Lesevitskap, t.d.), ja, mangfaldige andre.

Mange av oss her på UiS tilhøyrer altså slett ikkje desse mytiske figurane av nokre professores som synest det er ubehageleg å få olje på nevane eller praktisk skit under naglane. Vi vil gjerne lage kollektive prosjekt som er til hugnadsam nytte for mange fleire enn oss sjølve.

Problemet er tofaldig: a) At organisasjonen vår slett ikkje er i stand til å takle slike behov, anna enn som ekstraordinære tiltak i små område eller der det er store pengar å få utanfrå alt i utgangspunktet,
b) at toppleiinga vår diverre ikkje ser ut til å ta alvorleg nok at for å kunne tilby interessante nok studium, gode løysingsforslag av utgreiingskarakter eller viktig nok forsking, så må det drivast grunnforsking på høgt nivå.

Ingen av delane oppnår vi ved å kaste oss halslaust og uanalysert ut i allslag oppdrag som gir pengar i første runde. Berre tenk etter. Kor lenge vil finansnæringa her i fylket gje store støtesummar, utan at dei får klare resultat igjen? Og, kven kan fortelje dei kva dei har bruk for å vite, utan at vi lagar uavhengige analysar som dei ikkje utan vidare har bestilt på førehand?

Endeleg vil eg peike på at alle slag eksternfinansierte tiltak a priori kan vere interessante - så lenge det er internt vi har kontrollen på kva vi sjølve meiner om tiltaka, og korleis vi skal handsame dei. Ein urovekkjande tendens for tida er å trekkje eksternfinansierte tiltak ut or den felles interne debatten, såleis i liten grad ta sakene direkte opp i styret for UiS eller i alle høve ikkje før alt er på førehand avtala. Dette trur eg ikkje organisasjonen har stor glede av på lengre sikt.

Skal vi mobilisere UiS til å bli eit retteleg nyskapande universitet, så må alle her på staden få lov til å vere aktivt med i diskusjonane om både overordna rammer og praktiske løysingar innafor kvar sine felt. Eg ser ikkje at det er lagt til rette for i den aktuelle strategidebatten - trass i dei klinkande klåre innlegg og etterlysingar som interne styremedlemer har lagt fram i Styret for UiS.

Lat oss seie det med ein moderne klisje: Der er rom for forbetringar. Lat oss så komme i gang med desse forbetringane, fortare enn svint. Mange sitt tolmod har nådd ei viss grense.

Sist oppdatert av (07.04.2008)

Skriv ut artikkel print symbol
Debattforum
Innleggene på denne siden er hentet fra debattforumet på UiS.no