Bjørn Kvalsvik Nicolaysen: Ja til nyskaping. Nei til entreprenøruniversitetet og andre eventyr.


Det er lett å forstå dei som har ulyst til å diskutere framtida vår. Det er så mange premiss å rydde opp i før vi er framme ved noko som liknar på ei verkeleg skildring av røyndomen vi lever i, at det er ganske utmattande.

Av professor Bjørn Kvalsvik Nicolaysen, Institutt for kultur- og språkvitenskap (publisert 04.04.08 på debattsidene på UiS.no)

I avisa, og på allmøtet torsdag 3.4., har vi lese og høyrt at vår rektor er inspirert av forskaren Henry Etzkowitz til å periodisere kva tid forsking kom inn på universiteta, og meiner det er på 1900-talet. For humanistar med litt historisk skulering er dette ein merkeleg påstand, all den tid det er vanleg å rekne med at t.d. Københavns Universitet hadde fullt utvikla forskingsprogram alt i første tiåret av det 19. hundreåret, frå 1806 og utetter. Og litt lenger attover i historia har vi jo Tyco Brahe, den verdskjende astronomen som universitetet fekk bygd Rundetårn for så han skulle få granske himmellekamane. Går vi ned til Frankrike, så var stridane om korleis forskinga skulle drivast, heilt avgjerande for oppsplittinga av Sorbonne-universitetet og utskiljing av nye forskingsbaserte undervisningsinstitusjonar, gong på gong heilt frå skipinga av Collège de France på tidleg 1600-tal, og eit par gonger i hundreåret fram til vår tid. Elles er det eit uomtvisteleg faktum at det vart utført omfattande forsking innafor logikk, matematikk, språk, naturvitskaplege emne og fleire, ved Sorbonne på 1200-talet alt, det var jo grunnlaget for det store skismaet i 1277 der kritiske forskarar vart lyste i bann og måtte fly landet - noko som til dels er den historiske bakgrunnen for Wilhelm av Baskerville, den fiktive helten i Umberto Ecos vidgjetne roman "Rosens navn". Umberto Eco er elles professor ved Universitetet i Bologna, der ein skal ha forska sidan starten. Det var jo nett på grunn av den symbolske posisjonen til Bologna at det vi kallar Kvalitetsreformen fekk namnet etter staden for den historiske konferansen der universiteta gjekk inn for ein alleuropeisk reform.

Slikt interesserer visst ikkje Etzkowitz, og kvifor? Han generaliserer tydelegvis ut frå sine spesialstudiar om tekniske høgskular og universitet. Men sjølv med dette forbeholdet treff ikkje generaliseringane hans Frankrike, som faktisk utvikla ingeniørfagleg forsking på tidleg 1800-tal. - Ved Det Kgl. Fredriks var det kanskje ikkje eit krav at folk skulle forske, men les ein elles biografiar og andre monografiar om framståande fagfolk, som Keyser, Munch, Dietrichson, Monrad, Brøgger, Blix og andre Christiania-professorar på 1800-talet, så forskar dei faktisk og dei vert forventa både av publikum og styresmaktene å gjere det - rett nok langt på veg etter eige forgodtbefinnande.Den gode Brøgger har jo faktisk levert nokre av premissa for argumentasjonen som vart brukt ved omdanninga av vår institusjon til universitet, når sant skal seiast...

Jaja. Men dette kan jo bringe ein stakkar i undring, for ikkje å seie forlegenheit: Er denne Etzkowitz-generaliseringa - som, slik det vel er med dei fleste generaliseringar, er komne til for eit bestemt argumentativt føremål i ein særskild kontekst - sånn omtrent typisk for kva slags fagleg basis som ligg bakom den intense argumentasjonen for eit entreprenøruniversitet? Er dette det kunnskapssynet eit slikt universitet skal byggje på - at ein generaliserer på tynt, ja ytterst syltynt, grunnlag om overordna rammer for tenkinga, og så er det då eksterne partar som bestemmer koss vi skal tilpasse oss deira behov?

Ja, orsak meg, men eg er no van med å forlange såpass eksaktitude frå studentane mine når dei skriv oppgåver og avhandlingar, at eg faktisk skjønar kva det er dei vil fram til. Og at dei ikkje tek for god fisk alt dei les og høyrer.

Det er det med forsking, at den alltid er kritisk, mot tidlegare forsking og mot fordommar i tida, og difor er forsking som ikkje på eitt eller anna vis er nyskapande, nokså verdilaus. Dette kriteriet er jamvel nedfelt som vurderingskriterium for doktorgradar dei fleste stader. Nyskapande forsking er såleis noko litt anna enn nye svar på praktiske problem, sjølv om det også kan, men ikkje nødvendigvis må, innebere forsking.

Våre 8 doktorgradsprogram er komne til gjennom nyskaping over mange år. Det er ingen andre som har den profilen vi har - eg har sjølv høyrt framståande forskarar andre stader skryte av det fenomenet at vi har endringsleiings-studium som byggjer på integrert forståing av dei samfunnsvitskaplege tilnærmingane, til dømes (men det vil jo no nokre rive i stykker og lage reint øk.adm.-studium ut av, så vidt eg forstår - "at man noget vil" er visst kriterium godt nok for at øk.adm. kan bli torpedo under arken for SV-fakultetet vårt, forstod eg m.a. på allmøtet torsdag). Lesevitskap er såleis ei nyskaping i Nord-Europa med masse kontaktpunkt nedover i Europa og i USA for studiet av forholdet mellom samfunn og tekst. Vi kan seie noko liknande om alle våre doktorgradsprogram.

Kva er det då som er så gale med desse nyskapingane, at vi må sitje i møte etter møte og høyre oss sjølve presenterte som forstokka, gamaldagse folk som tviheld på forelda modellar for forsking? Som også var tonen i rektors påskeaftdag-kronikk i SA. Ja, det er morosamt å ha brukt snart ti år av sin manndoms kraft til å få i stand noko som kollegaer over heile landet og andre stader gratulerer oss med som ei fornying, og så få å vite at nei, ein er forstokka og gammaldags og no skal ein versågod få bli entreprenør - elles...

Eg synest at det ikkje understår seg å snakke slik til oss, som de facto har gjort dette til eit nyskapingsuniversitet.

Og så synest eg at det no er på tide at vi lar vere å lage eventyr om kva som kan hende ein gong i framtida, og snakkar om dei reelle problema vi har. Vi står overfor ei heftig økonomisk krise, som seinast vil falde seg ut i 2010. Ikkje rart då at somme lystar etter å gløyme ansvaret for våre undervisningsoppgåver, og heller ser seg om etter midlar som kan brukast til andre, mindre anstrengte og undervisnings-frie oppgåver. Men koss vi vrir og vrengjer det, vi vil aldri kunne erstatte primærverksemdene våre med entreprenøriske aktivitetar.

Presentasjonen av strateginotatet inneheldt litt mystiske tal, tykte eg elles. Dersom vi skal ha 10000 studentar i 2020 (eit tal som i siste nr. av Hugin vart oppgjeve vi skulle nå i 2125, er det då stillstand i 5 år?), og 500 av desse er på PhD, 4000 på master, så må det då vere igjen 5500 (og ikkje 6000, som det stod på foilen) som studerer på bachelornivå. Men det er då vitterleg ein nedgang på mellom 1000 og 1500 bachelorstudentar i forhold til i dag?

Kva slags fag tenkjer TLG, rektor og andre seg å leggje ned, då?

Og: Nasjonalt er det slikt gjennomsnitt at for å få 20 masterstudentar ut av eit bachelorkull, må du ha frå 100-125 uteksaminerte bachelorstudentar. Det stemmer bra med røynslene her også. Det vil på den bakgrunnen vere nokså merkeleg å skulle kunne oppebere 4000 masterstudentar med 6000 bachelorstudentar som grunnlag. Strengt teke burde vi då ha 20 000 bachelorstudentar for å kunne produsere 4000 masterstudentar. Alle veit at vi ikkje kan trekkje så mange studentar hit frå andre kantar (med mindre ein tenkjer seg ein business school med tusenvis av søkjarar frå heile verda), men koss er det tenkt, skal næringslivet betale for masterstudentar - utan bachelorgrad, men med annaslags opptaksbakgrunn?

Det er visst ikkje berre Helga Pedersen som fortel familien sin, dvs. Landsstyret i Ap, snodige eventyr, for meg verkar dette som om nokon har dikta opp eit hove- og halelaust eventyr om 2020.

Eg ventar spent på forklåringa.

Og gilde kollegaer andre stader: Kan vi ikkje snart komme igang med å diskutere reelle problem? UiS kan lage dei verdivisjonar dei berre vil, ingen bryr seg med dei - veit nokon hos oss - utanom staben, kanskje - kva visjonar dei andre universiteta har? Og at NTNU er "Det skapende universitet"? Neppe. Lat oss diskutere krisa i studentgjennomstrøyminga på bachelorgradane jo før jo heller.

Sist oppdatert av (04.04.2008)

Skriv ut artikkel print symbol
Debattforum
Innleggene på denne siden er hentet fra debattforumet på UiS.no