Ole Bjørn Rongen: Skal vi vere eit "bindestreks-universitet"?


Leiinga vår har foreslått fire alternative "visjonar" for UiS 2020. Alle er innskrenkande for UiS som universitet.

Av førsteamanuensis Ole Bjørn Rongen, Institutt for medie-, kultur- og samfunnsfag (publisert 11.03.08 på debattsidene på UiS.no)

Dei aller fleste av oss er stolte over å ha nådd målet om å bli godkjent som universitet, da må vi ikkje sjølve aktivt markere oss som eit "bindestreks-universitet" ("nyskapings-universitetet"). Ein ting er kva UiS kjem fram til som ein realistisk strategi basert på tilgjengelege ressursar (som kan forandre seg frå år til år), noko heilt anna er kva vi går ut med som ein slagordmessig visjon. Ein visjon om å vere god på nokre "utvalgte områder" er ikke spesielt visjonært. Lat oss vere nøgde med å vere eit universitet utan å redusere det, det er nok av dei rundt omkring som ønskjer å redusere oss!

Å stille med ei liste over "verdiar" er også problematisk. Da blir det alltid spørsmål om dei verdiane som IKKJE er tatt med, eller om dei prioriteringane som ligg i ei slik opplisting. Lat oss vise kva vi står for i handling - i forsking, undervisning, formidling, og i samhandling med kollegaer i heile organisasjonen vår, med studentar og med eksterne kollegaer og samarbeidspartnarar. Lat reklamebransjen stelle med sjølvskryt. Vi kan lære av Konfutse: "I gamle dagar flaut ikkje orda så lett. Ein skjemdest om ein sjølv ikkje kunne halda følgje med dei."

Sist oppdatert av (25.03.2008)

Skriv ut artikkel print symbol
Debattforum
Innleggene på denne siden er hentet fra debattforumet på UiS.no