Ole Bjørn Rongen: Misjon, visjon og verdiar for UiS. Svar til Per Ramvi


UiS opererer nå med eit idegrunnlag, også kalt formål eller misjon, vidare med ein visjon, og endeleg med ei liste verdiar eller kjerneverdiar. Så her er mye å halda styr på, men nok å ta av for festtalarane.

Av førsteamanuensis Ole Bjørn Rongen, Institutt for medie-, kultur- og samfunnsfag (publisert 29.02.08 på debattsidene på UiS.no)

Misjonen ("utfordre det velkjente og utforske det det ukjente" osv.) er flott, og ikkje minst velformulert. Meir enn dette treng vi ikkje.

Visjonen ("UiS skal være det nasjonalt ledende nyskapingsuniversitetet, kjent for fremragende undervisning og internasjonalt anerkjent forskning på utvalgte områder") markerer eit skille mellom "nyskaping" og "forsking", og UiS-leiinga, og nå altså styret, har bevisst valt det første framfor det andre. Formuleringa er språkleg dårleg med manglande presisjon (gjeld "fremragende undervisning" også berre for "utvalgte områder"?).

Problemet med ei liste med verdiar er at den får interesserte lesarar til å undra seg over kva for verdiar som IKKJE er tatt med. Eller dei peikar på (som Kjell Hausken) at negasjonen av desse verdiane er meininglaus, og kva er då poenget med å laga ei slik liste?

Er nå misjon, visjon og verdiar for UiS endeleg vedtatt for perioden fram til 2020, Per?

Sist oppdatert av (29.02.2008)

Skriv ut artikkel print symbol
Debattforum
Innleggene på denne siden er hentet fra debattforumet på UiS.no