Ole Bjørn Rongen: Svar til Kjell Hausen


Kjell Hausken har lese mye. Men i samband med strategidebatten burde han også lesa dei aktuelle sakspapira, t.d. direktørens saksframlegg til verdiar for UiS.

Av førsteamanuensis Ole Bjørn Rongen, Institutt for medie-, kultur- og samfunnsfag (publisert 28.02.08 på debattsidene på UiS.no)

Verdiane direktøren gjer framlegg om, er: Kvalitet og relevans, Nyskaping og innovasjon, Samarbeid og internasjonal orientering, Integritet og troverdighet, Engasjement og fellesskap. Men ikkje kritisk refleksjon og sanningsøking.

"Ingen universiteter hevdes å være bygget på verdien usannhet", skriv Hausken. Nei, og det er vel heller ingen universitet som byggjer på negasjonane av dei andre verdiane nemnt ovanfor. Dersom Hausken ikkje vil ha med "sannhet" som ein av UiS-verdiane fordi det er meiningslaust å hevda verdien "usannhet", då må vel det same kunne seiast om alle desse verdiane. Det blir ei meiningslaus opplisting av store ord. Her er me samde, Hausken!

Til spørsmålet om omorganisering og eit mogleg fakultet for økonomi og leiing. Meiner Hausken at det er ein god ide å organisere eit slikt fakultet og i prosessen bryte opp heile SV-fakultetet og rive sund IMKS og eit par andre institutt?

Sist oppdatert av (28.02.2008)

Skriv ut artikkel print symbol
Debattforum
Innleggene på denne siden er hentet fra debattforumet på UiS.no