Roger Lockertsen: Strategispørsmål


I staden for prat om generell deltaking i ei verd med alltid uforgjengelege utfordringar og pretensiøse problem for vår regionale monetærmakt, bør ein strategi for universitetet stille andre spørsmål.

Av fyrsteamanuensis Roger Lockertsen, Institutt for kultur- og språkvitenskap (publisert 26.02.08 på debattsidene på UiS.no)

1. Korleis styrke den kritiske tenkinga som grunnlag for forsking og undervisning?
2. Kvalitet blir (heldigvis) målt av andre enn oss sjølve. Korleis tilfredsstille nasjonale og internasjonale kvalitetskrav?
3. Kravet om "back to basics" i utdanninga blir reist med styrke kvar dag i den offentlege debatten. Kva fagleg satsing krev det? Er det lurt å vere leiande i prosessen?
4. Bacheloren er grunneininga. Korleis styrke og vidareutvikle bachelorane?
5. Korleis styrkar vi grunnforskinga ved UiS?

Ein universitetsstrategi gjev svar på DESSE spørsmåla - ikkje alle dei andre.

Sist oppdatert av (28.02.2008)

Skriv ut artikkel print symbol
Debattforum
Innleggene på denne siden er hentet fra debattforumet på UiS.no