Bjørn Kvalsvik Nicolaysen: Kva skal ein strategiprosess handle om?


Spørsmålet omkring opplegget for strategiprosessen er ikkje, som S.B. Pedersen har sagt, om innspela opphavleg er komne "nedanfrå" eller "ovanfrå", eller, som A. Mikkelsen har vore inne på, om dei einskilde miljø sjølve skal kunne velje kvar dei vil høyre heime.

Av professor Bjørn Kvalsvik Nicolaysen, Institutt for kultur- og språkvitenskap (publisert 13.02.08 på debattsidene på UiS.no)

(I det sistnemnde tilfellet kunne ein jo spørje seg om kva som i så fall var kriteria for å vere valbare til å sjølve avgjere si eiga framtid, avhengig eller uavhengig av andre - skal alle som vil, no brått kunne bryte med prinsippa som vart vedtekne for fem år sidan? Jaja, her er det jo ofte sånn, at det som er vedteke, ikkje gjeld, men det som gjeld, er ikkje vedteke.)

Poenget med ein strategiprosess er å skape overordna målsettingar og prioriteringar som så mange som råd er kan einast om, og der så få som mogleg, ideelt sett ingen, kjenner seg trakka på eller oversedde for å bli høyrde i spørsmålet om kva som bør vere hovudmåla eller dei breie utviklingslinene for ein organisasjon.

Så kjem handlingsplanane, som utmyntar måten dette er gjort på. Så vidt meg bekjent, har korkje eg eller andre gått til åtak korkje på NHS/IØL eller på rektor for å ha føreslege "Business school" eller tilsvarande. Det er med stor interesse eg registrerer forsvarsreaksjonane, likevel.

No skal eg våge ein litt frekk hypotse, som eg ikkje syg av eige bryst, men som er eit destillat av kontaktar med no i overkant av femti menneske, særleg ved SV-fakultetet, siste par vekene.

Nett no har øk.adm.-miljøet grosso modo kanskje omkring 100 millionar å rutte med/å forvalte (medrekna alle midlar som er bundne i stiftingar og milde gåver etc.), og tanken om eit eige fakultet svarar på mulegheitene for å skaffe tak i endå meir pengar. Dermed hastar det å få på plass ein struktur som kan ta imot.

Problemet er berre at kyndige menn og kvinner både herstads og andre stader meiner at det vil koste mange gonger meir å komme opp på akkrediteringsnivå tilsvarande europeisk business school, jamfør BI. Å gå inn for dette no, vil nødvendigvis innebere at UiS må allokere store pengesummar til slikt føremål. Dessutan vil det i same vendet med naudsyn gjere noko med vår identitet, på eit vis vi ikkje har oversyn over sidan vi ikkje har hatt høve til å diskutere det eksplisitt, altså i kva grad vi skal utvikle oss som først og fremst tenesteytarar for eit finansnæringsliv (eller andre delar av næringslivet), eller for å seie det grovare, tilpasse oss så godt vi kan dei som betalar for våre tenester.

Her ligg der i det minste prinsipielle implikasjonar som ikkje kan reduserast til at ein del menneske ved NHS/IØL ynskjer å prioritere sine næraste faginteresser på kostnad av t.d. det tverrfaglege samarbeidet vi andre i alle fall har trudd på, og skrytt av eksternt, innafor feltet "endringsledelse".

Ein annan hypotese kan vere at nokon er engstelege for kva resultatet av Stjernø-utvalet kan verte, såleis neppe regionale universitet, men kanskje heller innstramming av prinsipp for nasjonal arbeidsdeling. I så fall kan det oppfattast som strategisk å skunde seg for å få på plass organismar eller studieløp eller strukturar som ikkje vil vere så lette å opprette etter at ei stortingsmelding føreligg.

Uansett er dette forserte prosessar, der vi har hatt rimeleg grunn til å forvente sindige, ordentlege diskusjonar. Vi gjennomgjekk store traumer for fire til seks år sidan, gjennom omorganiseringa då. Rett nok slutta dei fleste seg til det endelege vedtaket, og fann ut det var liten grunn til å strete imot, gjorde det beste ut av det - og bidrog til å lage universitet. Mange miljø har endeleg fått det til å fungere, endeleg er vi komne til det punktet - så som i endringsleiing, men mange andre stader - at vi ser vi får det til, at det trengst ikkje mykje stor ekstra innsats for å lukkast med å oppnå måla.

Difor vert det ikkje opplevd som spesielt seriøst, eller som særleg omtenksamt, at ein no plukkar ut bestemte område som først skal utgreiast - altså prioriterast i strategiprosessen no - og at det framstår som ganske uklårt i dei dokument som sirkulerer, kva som er føremålet med det heile.

Dersom ein ynskjer å halde fram med å oppfatte slike kommentarar som åtak på NHS/IØL eller øk.adm.-miljøet, sjølv om ingen eg veit om så langt har prøvd å sjikanere dette miljøet i det heile teke, synest eg ikkje det vitnar altfor mykje om interesse for UiS som heilskap. Lat gå med det, den nye styringsordninga synest å ha gjort sitt til å utvikle slike sjølvopptekne tendensar. Men det vi treng til no i den umiddelbare framtid, er heilskapstenking. Så eg vil gjerne oppmode alle, både på SV-fakultetet og alle andre, om å gje sine tilskot til ein overordna visjon for korleis ein ynskjer og vonar at UiS bør sjå ut i 2020.

Sist oppdatert av (13.02.2008)

Skriv ut artikkel print symbol
Debattforum
Innleggene på denne siden er hentet fra debattforumet på UiS.no