Anders M. Andersen: Dilemma?


Av 549 vitskapleg tilsette ved UiS er her somme som ville vore på anna institutt eller anna fakultet. Rektor kallar dette dilemma, og vil av den grunn ha lynrask høyring frå nokre få utvalde med svarfrist 14. mars.

UiS er delt inn i fakultet og institutt ut frå prinsippet studieprogram, som svarar til gjeldande lov og studieordningar. Rektor Mikkelsen er ny, og kjenner kanskje ikkje til dette. Ramvi var ikkje universitetsdirektør i 2003, og har kan henda heller ikkje fått dette med seg. Det treng ikkje vera så farleg; torsdag er det styremøte, så kan dette bli klara opp.

Kan og bør eit universitet halda på og omorganisera heile tida? Omorganisering er ei stor næring som vil ha oss alle til å tru at omorganisering er løysinga på alle problem. Når omorganiseringa ikkje løyser problema, er løysinga å omorganisera ein gong til. Skrekkeksemplet er lærarutdaninga, som tiår etter tiår omorganiserer på nytt før den førre omorganiseringa er fullførd. - För var dag blir den bättre, men bra lär den aldrig bli, som det heiter hos Cornelis Vreeswijk.

Er det ikkje klokare å fyrst utvikla dei fakulteta vi har? Vi har då berre så vidt sett i gang. Studium og avdeling for økonomiske og administrative fag har vi hatt her sidan 1970-åra, og her er forsking på dette feltet som ligg langt framme. Der er grunnlag for utvikling av både mastergrader og doktorprogram. Er ikkje planen for UiS å utviklast den vegen - oppover? Skal dette brått ikkje gjelda lenger? Ny bachelorutdaning kan sjølvsagt vera greitt likevel, men for ei bachelorutdaning treng vi ikkje snu opp ned på halve eller heile universitetet.

Dette må styret finna ut av, og stoppa ein forhasta prosess ut i ingen ting. Direktør og rektor nyttar krigsmetaforar; det er strategi og strategisk. Då er det vel ein fiende? Kven er det? Og når taktikken ser ut som overrumpling, kven skal overrumplast? Det kan snautt vera oss som i denne styringsordninga er utan makt og innverknad.

Er eg for kritisk? Problemet UiS ser snarare ut til å vera at vi har vanskar med å vera kritiske nok. Det eg skriv her er sjølvsagt meint å vera til beste for universitetet, for eit normalt og verkeleg universitet, ikkje ein stavangersk parodi.

Slike stadige oppsplittingar og omorganiseringar har fått namnet "salamitaktikk" etter den ungarske kommunistleiaren Rakosi, han som var avsett då opprøret i Ungarn kom i 1956. Den som er interessert kan sikkert googla fram han og taktikken hans.

Sist oppdatert av (12.02.2008)

Skriv ut artikkel print symbol
Debattforum
Innleggene på denne siden er hentet fra debattforumet på UiS.no