Bjørn Kvalsvik Nicolaysen: Kva er opp og kva er ned i eit universitet?


Katta er ute av sekken, og har fått bjølle på. Utgangspunktet for utgreiing om eit fakultet om økonomi og leiing er tydelegvis at NHS/IØL-miljøet ynskjer å eksistere som sjølvstendig eining.

Av professor Bjørn Kvalsvik Nicolaysen, Institutt for kultur- og språkvitenskap (publisert 12.02.08 på debattsidene på UiS.no)

Dette er sjølvsagt både legitimt og diskuterbart som ynskje, og er noko dei som saka vedkjem bør diskutere gjennom i fred og ro. No er det berre det, då, at "dei som saka vedkjem" er så mange fleire i ei slik sak, enn dei som steller med reine øk.-adm.-fag. Direkte berører ei slik oppsplitting av SV-fakultetet ikkje berre miljøet/miljøa som steller med endringsleiing, såleis ved at dei meir samfunnsanalytiske delane av miljøa i liten grad, kanskje, vil finne ein plass inne i eit nytt fakultet (difor har også alle fakulteta uttala at dei heller ser at det blir eit institutt ut av denne diskusjonen). Men, og det blir meir og meir klart etter kvart som diskusjonane går mellom personalet her ved UiS, både TekNat og HUM vil sannsynlegvis bli nøydde til å gå gjennom større og mindre omstillingsfasar.

Å bestille utgreiingar om å lage to nye fakultet ut av SV, men ikkje bestille ei utgreiing om kva som då skal skje med resten av SV, oppfattar svært mange kollegaer - særleg ved SV-fakultetet, naturleg nok - som svært forurolegande. Dette har eg prøvd å formidle på ulike vis til rektor og universitetsdirektør, men mine argument så langt har ikkje gjort inntrykk - dei blir derimot av rektor omtala som "antydninger". Men eg kan ikkje sjå at eg har antyda noko som helst, eg meiner eg har sagt temmeleg klårt ifrå om at eg ikkje synest dette er måten å gjere det på.Men for å unngå alle spekulasjonar om kva eg meiner, kan eg jo oppsummere det her:

For det fyrste meiner eg at dei er for snevre i samansetting og for få i talet, dei gruppene som no er nedsette.

For det andre meiner eg at det er all rimeleg grunn til at fleire kollegaer er engstelege for at dei anten blir rekna som reine tenesteytarar til nye einingar, eller at deira primære behov ikkje blir tekne vare på når dei skal oppfattast som nokon som i etterhand må tilpasse seg dei resultat som flyt av det ein kan oppfatte som nokså tilfeldig nedsette grupper eller tenkjetankar. Eg mislikar sterkt innrettinga mot at det med naudsyn må oppstå "restkategoriar" fag, og det er fleire av gruppene som vil tvinge fram ein slik situasjon, i og med at det jo må oppfattast slik at dei spørsmåla som her er blinka ut av rektor og direktør, skal løysast før andre spørsmål. Når det til dømes gjeld lærarutdanninga, som eg beskjedent nok meiner meg å ha ein del greie på, så er eg heilt usamd i innrettinga på eit slikt arbeid. Og det er ikkje fritt for at det no blir spekulert på, i korridorane og kvinne og mann imellom, kva som skal skje med HUM dersom ein kastar journalistane, fjernsynsteknikarane, medievitarane og kunsthistorikarane over dit, har ein eigenleg tenkt på kor demoraliserande det kan vere både for dei miljøa og for andre, å ikkje bli tekne meir alvorlege enn at slike spørsmål får lov til å henge og dingle i lause lufta?

For det tredje meiner eg at dette fokuset no på endra organisasjonsformer - og eg er takksam for at rektor ganske direkte vedgår at det fort kan komme til å handle om omorganisering her, då bør jo fagorganisasjonane og styret straks sterkare inn i prosessane med ein gong - tek bort den mulegheita vi hadde for å stille oss langsiktige, overordna mål. Kva med spørsmålet om vi bør ha eit medisinsk fakultet her ved UiS innan 2020, skal eit så viktig spørsmål for oss alle og for regionen berre førebuast av ein smal diskusjon denne våren inne i eit utval - som ikkje eingong Styret har nedsett? For eksempel.

For det fjerde meiner eg at ein må slutte å oppfatte leiarane våre som identiske med fagmiljøa; det var jo nettopp den logikken vi frykta skulle setje seg, vi som var motstandarar av det styringssystemet vi har fått. Fagmiljøa våre består av ganske høgt spesialisert personale, som har arbeidd hardt siste åra med å utvikle nye tilbod som kunne skape dette universitetet. Første leveregel må vere å setje igang samtalar i dei primære fagmiljøa omkring det som har vokstervon og er ynskjeleg å utvikle.

For det femte har eg førebels inga personleg meining om det bør vere nokon "business school"-aktig institusjon hjå oss eller ei (og Hausken, eg kan ikkje eliminere noko fakultet, sidan det fakultetet jo ikkje eksisterer), eg registrerer at folk eg har stor respekt for har meint og skrive at dette er ein gammaldags og for UiS uhøveleg modell, andre meiner visst det er einaste moglege modell for å konkurrere med BI og NHH (om det er mogleg), og dette synest eg kan diskuterast nokolunde offentleg av dei som har best greie på det. Men eg har ei klar oppfatning om at same kva som er ynskjeleg å utgreie, så skal dei primære fagmiljøa trekkjast inn på ein langt meir omfattande måte og høyrast skikkeleg på alt i startfasen. Hugs at dei lov- og avtaleverk som gjeld strategiar og omorganisering, føreset tilsettmedverknad i alt planleggingsarbeid, frå fyrste stund av.

Sist oppdatert av (12.02.2008)

Skriv ut artikkel print symbol
Debattforum
Innleggene på denne siden er hentet fra debattforumet på UiS.no