Bjørn Kvalsvik Nicolaysen: Omorganisering under dekke av strategiprosess


Strategiprosessen er snudd på hovudet. Med utgangspunkt i ynskjet om å få til eit fakultet for "business management", vil UiS-leiinga presse fram ei rekkje "delstrategiar" for ulike delar av UiS.

Av professor Bjørn Kvalsvik Nicolaysen, IKS (publisert  08.02.08 på debattsidene på UiS.no)

Tre fakultet ved sine dekanar og tre av fire institutt på SV-fakultetet har avvist tanken om eit eige fakultet for økonomi og leiing. Men før høyringsfristen var ute, nedsette rektor og universitetsdirektør eit nytt utval med mandat å greie ut om mulegheitene for å opprette eit slikt fakultet. Her er med deltakarar frå dei miljø som vert mest direkte berørte. Det er likevel gode grunnar til å innvende mot sjølve samansettinga av gruppa, forutan mandaten for den, at viktige tilhøve ikkje er tekne omsyn til. Såleis at leiing går føre seg i andre samanhengar enn dei som er beinveges relaterte til økonomi, og at UiS har eit samfunnsoppdrag der sentrale oppgåver vil få betydeleg endra vilkår ved den føreslegne organiseringa. Tilsettrepresentantane i styret har såleis bede om å få drøfte mandat og samansetting av gruppa, og går ut frå at det kan gjerast under sak om strategiutviklinga i komande styremøte.

Tidsfristen for utgreiinga er kortast mogleg, 14. mars. Og før nokon har komme seg av overraskinga, og mange av irritasjonen, over måten høyringsrunden blir handsama på, kjem eit nytt direktiv frå rektor og direktør, dagsett 5. februar. Forutan utgreiinga om "Fakultet for økonomi og ledelse", er det no tale om noko som ser ut som eit forskingsprogram for "Energi, miljø og klima", nytt administrativt (?) system for problembasert læring og IKT i undervisninga, ei utgreiiing om eige "Fakultet for helsefag", ei tilsvarande om psykologistudier, og så ei for "fremtidens lærerutdanning" - og her har ein tydelegvis gløymt at ikkje all lærarutdanning er for førskulen eller barneskulen, for det er ikkje tale om den lærarutdanninga vi driv for høgre steg i ungdomsskule og for vidaregåande. Her opererer ein altså på tre-fire organisatoriske og logiske nivå samstundes; nye fakultet, nye fag, nye felles grunnlag, nye arbeidsmåtar. Og vi legg merke til at store delar av UiS har tydelegvis ikkje behov for "tenketanker", vi må då gå ut frå at desse delane av UiS berre må føye seg etter dei særskilde løysingar som vert lagde fram.

Og alt saman skal vere ferdig utgreidd, gruppene skal "som et minimum ha klart hva vi bør satse på, og hvordan vi skal gå videre med satsingene" heiter det i skriv frå universitetsdirektøren. Men ingen skal visst til då greie ut om dei økonomiske og administrative konsekvensane av dei til dels omfattande nyordningane som alt er føresette? 14. mars er også her fristen - om fire veker, der mange tek ei vekes vinterferie inni perioden også.

Å lage universitetsstrategi fram mot år 2020 gjennom å vedta ein serie delstrategiar til å byrje med, er i seg sjølv ikkje berre ulogisk, men forkasteleg i den forstand at det riv opp rytmen i organisasjonen og gjer det umogleg å få fellesdiskusjonar om overordna mål for oss alle, som ei ramme for verksemda. At ein no tydelegvis ynskjer å presse igjennom diskusjonane om finansøkonomisk leiing og "business school"-problematikken som overordna alt anna, medfører både ein særeigen arbeidsmåte, der færrast mogleg er med i diskusjonane, og svært sterke føringar på kva det er som blir oppfatta som viktigast for UiS.

For eigen del er eg langt frå sikker på at UiS-leiinga her veit best om kva som er viktigast å diskutere no, for eksempel er det opplagt at ein slett ikkje tenkjer over kva som er komponentane i utdanningssamfunnet og kva for ei rolle vi som arbeider opp mot dette ved UiS, har. Heller ikkje ser det ut til at ein vil ta særleg alvorleg spørsmålet om kva som skal hende med "restkategoriane" fag ved SV-fakultetet dersom ein no sprengjer fakultetet i fleire bitar, og noko liknande har TekNat alt markert uro for i høve til Industriøkonomi med meire.

Vi er blitt utvetydig lova at heile organisasjonen og alle medarbeidarar skulle trekkjast inn i samtalar om mål og strategi og arbeidsmåtar i framtida. Ein kollega sende meg såleis påminningar om forskjellige ting Aslaug Mikkelsen sa i valkampen for å bli rektor i fjor vår:

08.02.07: "Som rektor ønsker jeg å forankre overordnede mål og strategi i arbeidet i fagmiljøene i et tett samarbeid før det legges fram for UiS-styret."

19.02.07: "Det ligger i dette at rektor som styrets leder ikke vil overkjøre flertallet av de ansatte. Det er derfor vi stiller til valg. En stemme for oss er en stemme på vårt program og vi verken kan eller vil kjøre på tvers av det votum som ansatte og studenter gir oss. "

23.02.07: "Vi (må) sikre oss et styringssystem som er og oppleves rettferdig og der vi kan leve med beslutningene selv om vi er uenige i dem og vi skulle ønske dem annerledes. Vi har tro på at vi som fagfelleskap med nærhet til utfordringene kan klare denne jobben mye bedre enn i en situasjon med sentraliserte beslutninger tatt av ledere som ikke trenger leve med resultatene. Det er arbeidsplassene våre dette handler om. Påvirkningsmuligheter og støtte fra kolleger og ledere er to av de tre viktigste helsefremmende faktorene i arbeidslivet. Det er blant annet dette denne valgkampen handler om. "

08.03.07: "I kampen om eksterne midler er kreativiteten og innsatsen til våre ansatte helt avgjørende for å vinne fram. Derfor vil vi bedre arbeidssituasjonen for de ansatte og gi alle grupper reell medbestemmelse."

21.03.07: "Forskere ... trenger administrativ støtte, og ikke snubletråder i form av ledere som har sine egne agendaer."

*

Dei framgangsmåtar som no er valde, ser ikkje ut til å vere heilt i samsvar med det vår rektorkandidat sa den gong - det vil seie, dersom vi er samde om kva orda i det norske språket betyr, då. Dei tiltak som så langt er sette i verk, verkar for dei fleste som har klart å setje seg inn i dei, som overrumplingsåtak med nokre avleiingsmanøvrar knytte til. Dette bør ikkje UiS-leiinga vere bekjent av. Det utgjer i alle høve ikkje prosessar eller prosedyrar som legg til rette for best mogleg kollektiv handsaming, eller for trygt beslutningsgrunnlag for styret.

I alle høve er det slik etter norsk lov og regelverk, at omorganisering skal gje medverknad av tilsette og deira organisasjonar. Slik det no ligg an, er det føresett at i viktige saker blir alle tre fakultet fyrst og fremst bedne om å godta eller finne ulike former for del-løysingar, som i sin tur vil føre til omfattande endringar i struktur, målsettingar og arbeidsform. Her må det skikkelege konsekvensanalysar til på alle nivå, og langt fleire tilsette må inn i alle ledd av prosessane.

Sist oppdatert av (08.02.2008)

Skriv ut artikkel print symbol
Debattforum
Innleggene på denne siden er hentet fra debattforumet på UiS.no