Ole Bjørn Rongen: Nei til ny omorganisering ved UiS!


Norsk hotellhøgskole har aldri funne seg til rette på eit institutt saman med andre fag (NHS-IØL). For å bøte på misnøya på dette instituttet ser det ut til at leiinga vår, med rektor og direktør i spissen, vil lage eit heilt nytt fakultet for økonomi og leiing, og i prosessen rive sund eit godt fungerande SV-fakultet og delar av TN-fakultetet.

Av førsteamanuensis  Ole Bjørn Rongen, IKS (publisert 01.02.08 på debattsidene på UiS.no)

Med i dette biletet høyrer nok også sterke ønske frå velståande eksterne donatorar. Kva ei slik opprivande omorganisering vil koste for dei fagleg og administrativt tilsette, er ikkje godt å seie. Men vi har knapt begynt å falle til ro etter den store omorganiseringa for fem-seks år sidan. Ønskjer vi å institusjonalisere den maoistiske "permanente revolusjon"?

Kan ikkje Hotellhøgskolen heller bli skild ut som eit nytt institutt og så er det opphavlege problemet løyst? Det samtidig utskilde INSTITUTT for økonomi og leiing, styrkt med eksternt finansierte finans-stillingar, vil då få høve til å vise at det er plass for, og behov for, eit slikt akademisk miljø ved sida av NHH i Bergen og BI i Oslo. Det vil vere tragisk om UiS etablerte skalet av eit nytt fakultet og ikkje greidde å fylle skikkeleg opp.

Sist oppdatert av (08.02.2008)

Skriv ut artikkel print symbol
Debattforum
Innleggene på denne siden er hentet fra debattforumet på UiS.no