Nyskaping ja, nedprioritering nei


Nyskaping skal vera mål for universitetet og for å nå målet, trengst ny strategi og ny organisering, skriv rektor Aslaug Mikkelsen i ei rekke artiklar og debattinnlegg.

Av amanuensis Anders Andersen, Institutt for kultur- og språkvitenskap (publisert 16.05.08 på debattsidene på UiS.no)

I den siste av artiklane, Rogalands Avis 2. mai, peikar ho på nye studietilbod og forskingsfelt som er sette i gang og gjer det til argument for å legga om strategien. Det er ingen innlysande argumentasjon.

All nyskapinga ho peikar på, og det er ein heil del, er utvikla og sett i gang ut frå planar og mål som ligg innanfor strategien universitetet alt har hatt tidlegare. Med rekka av nyskapingstiltak leverer rektor uavviseleg argument for det beste i ein tidlegare strategi som har gitt slik nyskaping ho og vi andre vil ha. Det meste er utvikla og planlagt innanfor fagleg styringsordning, før den ekstreme byråkratiseringa og overstyringa som blei innførd i 2004, mot 87% av dei tilsette.

Mange av nyskapingstiltaka er utvikla og planlagde før Høgskolen i Stavanger var universitet. Eitt av eksempla hennar er masterstudiet i lesevitskap. Det var utvikla og planlagt på HiS innanfor nordisk, etter lokalt initiativ i eit fag som aldri har vore prioritert i noko strategidokument. Det ein kan læra av dette er at nyskaping kjem frå vitskapleg tilsette, når dei vil og kan og får det speleromet som trengst.

Lesevitskap er suksess, har godt med masterstudentar, doktorstipendiatar og forsking. Men så kjem nedprioriteringa av fakultetet og instituttet, inndraging av stillingar i nordisk og langvarig sabotasje av bachelorstudia, som er rekrutteringsgrunnlaget for masterstudiet. Dette er typisk for planløysa som rår under dekke av luftige, uforpliktande strategi- og handlingsplanar.Resultatet er at heile universitetet uteksaminerer for få studentar.

Slik går det når UiS vedtek stadig nye strategiplanar og handlingsplanar som ikkje går i hop. Satsingsområde var vedtekne, så vedtek styret "temaområde" på tvers av satsinga med resultat at ingen av dei blir sett ut i livet. Rektor og det noverande styret har ikkje skulda for dette, men har oppgåva å få retta på det. Då gjer det meir skade enn gagn å vedta ein strategiplan der det endå ein gong er prioriteringar av visse fagområde og tilsvarande nedprioritering av det meste universitetet driv med.

Av alt som er uklart er det viktigaste spørsmålet kor stor nedprioriteringa av dei uprioriterte områda skal vera. Nedprioritering som strategi fram til 2020 må føra til nedleggingar, men av kva, og kvifor? Det held ikkje berre å la vera å seia noko om den delen av strategien.

I dei økonomiske og administrative faga har forskarar ved UiS utvikla noko av det mest interessante på feltet som bind i hop mikroøkonomi og makroøkonomi. Her kan UiS nå langt på eit fagområde som her til lands og i verdssamanheng har mykje ugjort. I staden for slik kvalitativ satsing å vilja starta ny grunnutdaning i økonomi med eit jålut engelsk namn, i tevling med Norges Handelshøgsule i Bergen og BI, er ein svært dårleg ide.

I Stavanger vil nok dette vera nysatsing, men nyskaping er det ikkje. NHH og BI er sjølv dei rette til å utvikla andre og betre grunnutdaningar enn dei som finst. Det er ikkje oppgåva for eit nytt universitet å setja inn ressursar i 100 millionklassen (som ein ikkje har) for å konkurrera ut andre, eksisterande tilbod, eller i verste fall seg sjølv.

Tenk i staden universitet: grunnutdaning som kvalifiserer for masterstudium som kvalifiserer for doktorgradsstudium, i fyrste omgang på dei fagfelta der vi er gode, til dømes rektor sitt eige fagfelt. For å få meir nyskaping er det viktigaste å ta vare på og utvikla den nyskapinga som går føre seg.

Kjære Aslaug Mikkelsen! Du har med din store entusiasme kome inn i eit byråkratisk splitt og hersk-spel som set delane av UiS opp mot einannan. Faren er stor for stagnasjon, passivisering og varige konfliktar. Hald i staden fast på dine eigne prinsipp som du gjekk til val på for å bygga opp eit fullverdig universitet. Det blir ikkje lett og det vil ta tid, men dei enkle snarvegane fører ikkje til målet.

Sist oppdatert av (16.05.2008)

Skriv ut artikkel print symbol
Debattforum
Innleggene på denne siden er hentet fra debattforumet på UiS.no