Konsolidering før vekst


Etter allmøtet har eg kome til at strategidokumentet bør gjerast noko meir konkret og forpliktande for det faglege arbeidet. Slik eg analyserer situasjonen, så ligg hovudutfordringane våre på å nå sektormåla om god forsking og undervisning på universitetsnivå.

Av stipendiat Magne Rogne, Institutt for kultur- og språkvitenskap, publisert 13.05.08 på debattsidene på UiS.no)

Universitetsbygginga har ført til at mange institutt har måtta senka undervisningskvaliteten ved å redusere talet på studenttimar for emnene kraftig. Samstundes har forskingsdelen av stillingane òg blitt stadig mindre. Hovudstrategien bør altså i første omgang gå på å tryggje det faglege grunnlaget for programma og forskingsfelta våre. Me må altså styrkje grunnmuren. Det vil kunne føre til at me kvalifiserer studentane våre betre og at me aukar forskingsprodusjonen, og det vil igjen danne grunnlaget for vidare vekst på nye område. På bakgrunn av dette vil det vere fornuftig å dele strategiperioden i to fasar:

1. Konsolideringsfasen (2009-14).
Konkrete mål:
- styrkje studenttimetalet til emna på alle nivå
- styrkje vikarstipendordninga - slik at instiutta får midlar til å tilsette vikarar i full stilling
- innføre ein forskingsdel på 50% i alle vitskaplege stillingar
- auke talet på stipendiat- og postdoc-stillingar knytt til doktorgradsprogramma våre

2. Vekstsfasen (2015-2020)
Her bør det kome ei priortert liste over nye grunnutdanningar, mastergrader og doktorgradsprogram som ein vil satse på å utvikle.

Sist oppdatert av (13.05.2008)

Skriv ut artikkel print symbol
Debattforum
Innleggene på denne siden er hentet fra debattforumet på UiS.no