«Sofa-prat» med nye studentar på bachelor i sjukepleie


Tilsette på bachelorutdanninga i sjukepleie sit kvar dag i oppstartsveka tilgjengeleg i foajeen i Kjell Arholms hus for å gje nye studentar ein god start på studietida!

Tysdag 14. august var det semesterstart for nesten 350 nye sjukepleiarstudentar i Kjell Arholms hus. For anledninga sit studieprogramleiar/faglærar og studiekonsulent på bachelor i sjukepleie tilgjengeleg i foajeen kvar dag i oppstartsveka mellom kl. 9-10 og kl. 13-14 for å svare på spørsmål og gje nye studentar ein best mogleg start på studiane.

- Me starta med «sjukepleie-sofaen» ved semesterstart i fjor og hadde svært gode erfaringar med det. Me ser at nye studentar har mange spørsmål - både praktiske og faglege - spørsmål det ikkje alltid er så kjekt å stille i store fora. Difor er me opptatt av at både administrativt og vitskapelege tilsette skal vere tilgjengelege for spørsmål gjennom den første veka, og det er både enklare og kjekkare å slå seg ned i sofaen enn å stille seg i kø på kontoret eller i resepsjonen. Me har lyst å vise at me ønskjer å vere i tett kontakt med studentane våre og at dei ikkje skal vere redde for å stille spørsmål. Dette er viktig for å få ein trygg og god semesterstart, seier studieprogramleiar for bachelor i sjukepleie, Bodil Bø Våga. 


Sist oppdatert av Cathrine Sneberg (17.08.2018)

Skriv ut artikkel print symbol
Faglærar og studiekonsulent i samtale med studentar
Faglærar Marie Undheim og studiekonsulent Stine B. Sørflaten på bachelor i sjukepleie i samtale med studentar