Velkomen til årsfest 29. oktober


Studentar, tilsette og anna publikum er inviterte til årsfest i Tjodhallen, torsdag 29. oktober kl. 13.00. Det blir seremoni med promosjon av doktorar, festtalar, prisutdeling og underhaldning. Meld deg på no!

Universitetet i Stavanger feirar sin bursdag den 29. oktober kvart år. Då inviterer universitetet til flott seremoni i Tjodhallen.

Blant høgdepunkta er promosjon av doktorar, festtale av Jan Egeland og utdeling av Lyse Forskingspris, SR-bank Innovasjonspris og Læringsmiljøprisen.

I tillegg vert det storslagen underhaldning ved Institutt for musikk og dans si jazzkvartett Zulu.

I etterkant av seremonien blir det forfriskingar og kake i foajeen utafor.

Årsfesten er open for noverande og tidlegare studentar, tilsette og andre interesserte.

Dato: torsdag 29. oktober
Tid: kl. 13:00 - 15:00
Sted: Tjodhallen, Kjølv Egelands hus

Program:

•    Prosesjon med fanfare
•    Tale ved rektor Marit Boyesen
•    Helsing ved Anine Klepp, leiar i StOr
•    Festtale ved Jan Egeland, generalsekretær Flyktninghjelpen
•    Promosjon av doktorar
•    Utdeling av Lyse si forskingspris
•    Utdeling av SR-bank si Innovasjonspris
•    Utdeling av Læringsmiljøprisen

Kake og kaffi i foajeen ca. kl. 14:30

Påmelding


Sist oppdatert av Siri Jeanette Pedersen (22.10.2015)

Skriv ut artikkel print symbol