Skaparkraft i medvind


Vindkraft, akuttmedisin, aksjehandel og ungdomspsykiatri sto på menyen då to stortingsrepresentantar fekk eit innblikk i innovasjons- og utviklingsarbeidet ved Prekubator TTO (Technology Transfer Office) i Ipark på Ullandhaug.

Siri Meling og Gunnar Gundersen representerer Høgre i Finanskomiteen og i Næringskomiteen. Dei let seg imponera av breidda og energien i det regionale nyskapingsarbeidet.

Prekubator TTO er universitetet sin reiskap for å fange opp forskingsidear som kan utviklast og brukast i samfunns- og næringsliv, medan Ipark driv inkubatorverksemd, som hjelper nyetablerte verksemder. Stortingsrepresentantane vart presentert for fem prosjekt av svært forskjellig karakter.

Havvind i skotet

Gwind AS presenterte eit konsept for flytande vindmøller der blada roterer rundt ein vertikal akse. Denne løysinga gjev store fordeler i open sjø, også fordi dei tyngste komponentane er monterte i havnivå. I tillegg vil turbinane bli utstyrt med gyro-stabilisering.

Shoreline AS sine simuleringsverktøy for design og beslutningsstøtte for store prosjekt er også godt motteke av industrien.

Aksjegøy

Huddlestock er eit nyutvikla automatisert program som legg til rette for at også småinvestorar kan gå inn i hedgefond og konkurrera seg i mellom. Programmet skal inspirera til drøfting av investeringsstrategiar og venskapleg tevling i val av investeringsstrategi. 

Bretterapi

Det terapeutiske brettspelet «Hei» er utvikla av psykologar i samarbeid med helsepersonell med tanke på samtalar med born som har det vanskeleg. Spelet er enkelt og fleksibelt i bruk. Spelet gjev dei unge ein arena til å setja ord på kjensler.

Stiftelsen Psykiatrisk Opplysning/Hertervig Forlag i Stavanger og Barne- og Ungdomspsykiatrisk Avdeling ved Stavanger Universitetssjukehus gjekk saman om å gjera spelet tilgjengeleg for alle.

Det kan brukast av privatpersoner og familiar så vel som innan helse og omsorg og har blitt godt motteke.

Akuttmedisin

Ved store skader, som til dømes ved trafikkulykker, kan det vera livsviktig å etablera direkte tilgang til lungene ved hjelp av eit plastdren gjennom brystkassen. Det er ei stor akuttmedisinsk utfordring å sikra denne på skadestaden og under transport av pasienten. På møtet i Prekubator fekk stortingsrepresentantane presentert Chest Tube Fix, ein nyutvikla metode som representerer eit akuttmedisinsk kvantesprang med stort potensial lokalt så vel som internasjonalt. 

Framtidsretta

- Stavangerregionen treng fleire bein å stå på framover og då kan helse, IKT og alternativ energi bli nye vinnarnæringar for rogalendingane, seier leiar for Prekubator TTO, Anne Cathrin Østebø, som er svært nøgd med møtet og interessa stortingspolitikarane viser for utviklingsarbeidet ved senteret.


Tekst og foto: Lars Gunnar Dahle


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (11.09.2015)

Skriv ut artikkel print symbol