UiS-studentar får flest jobbtilbod


Ei undersøking blant 5200 ingeniør- og teknologistudentar i landet viser at det er studentane ved Universitetet i Stavanger som får flest jobbtilbod. Byggstudentane Torbjørn Corneliussen og Håkon Galde ved UiS har nyleg fått tilbod om jobb.

Undersøkinga er gjennomført i regi av Teknisk Ukeblad og det er studentmedlemmar i NITO, Noregs største organisasjon for ingeniørar og teknologar, og studentmedlemmar i Tekna, landets største nettverk av teknisk naturvitskaplege akademikarar, som er blitt spurte.

Undersøkinga viser at studentar som har teke ingeniørutdanning ved UiS er ettertrakta. Dei får langt fleire jobbtilbod enn ingeniørstudentar andre stader i landet. Vel ni prosent av Teknas studentmedlemmar ved UiS melder om seks eller fleire jobbtilbod i løpet av studietida. For Nito-studentane er andelen lågare, men sett under eitt får studentane ved UiS fleire jobbtilbod enn studentane i andre byar og ved andre lærestader.

Studentane ved Høgskolen i Telemark melder om nest flest jobbtilbod. Også studentane ved Høgskolen i Hedmark kjem høgt opp på lista. Av dei andre universiteta er det Universitetet i Agder som kjem høgast, på ein fjerde plass, medan UiO, UMB, UiB og NTNU kjem lengre ned på lista.

Rett ut i jobb
Damian Michell Jeremiah, som er ferdig utdanna petroleumsingeniør til sommaren, har allereie fått tre jobbtilbod, mellom anna frå Schlumberger.

- Det er gode tider. Eg trur mange av oss får jobbtilbod fordi vi har knytt tette band til bedrifter gjennom å skrive bacheloroppgåve hjå eit selskap. Dessutan er det mange bedrifter som søker etter folk her i regionen, seier Jeremiah, som ser lyst på framtida.

Medstudent Kristin Elisabeth Næss fortel at mange i klassen deira allereie har ein jobb å gå til når dei er ferdig utdanna til sommaren og at mange no er på intervju til jobbar. Sjølv vil ho fortsette på ei masterutdanning i petroleumsteknologi ved UiS.

- Eg vil gå vidare på ei masterutdanning for å sjå kva for moglegheiter som då opnar seg. Mange bedrifter er spesielt ute etter folk med femårig utdanning, seier ho.

Dialog og kontakt
Ifølgje Tonje Berge, Skills Coordinator i ConocoPhillips Well Operations, er moglegheitene mange for ingeniørstudentar som no er ferdig utdanna. Ho trur det tette samarbeidet mellom UiS og regionen gjer at mange studentar ved UiS får jobbtilbod.

- Universitetet i Stavanger ligg nært oljeindustrien og vi opplever at det er lett å rekruttere studentar frå UiS. Det er god dialog og tett kontakt mellom universitetet og industrien. Mange studentar sikrar seg kunnskap og kontaktar gjennom sommarjobbar, seier ho.

Dekan ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultet ved UiS, Per Arne Bjørkum, er einig med Berge i at UiS-studentane toppar lista over ingeniørstudentar som får flest jobbtilbod mykje på grunn av det tette samarbeidet med regionen.

- Vi har eit veldig godt samarbeid med industrien i regionen, samstundes som studia våre er godt retta inn mot industrien sine behov. Mange av studentane tek også bachelor- og masteroppgåva ute i industrien slik at bedriftene blir kjende med studentane. Dessutan er studentane dyktige, seier han.

Større valfridom
Også byggstudentane Torbjørn Corneliussen og Håkon Galde ved UiS har nyleg fått tilbod om jobb. Dei synest det er gode nyheiter at mange UiS-studentar får jobbtilbod.

- Det kjennes veldig meiningsfylt å studere når du veit du får jobb. Og det er godt å vite at vi straks vil få bruk for den kompetansen vi har opparbeidd oss, seier Galde, som saman med Corneliussen er ferdig utdanna til sommaren.

- Det gir større valfridom når det er gode tider på jobbmarknaden. Vi får nyte dei gode tidene medan vi kan, seier Corneliussen.

Meir om Studentundersøkinga i Teknisk Ukeblad


Sist oppdatert av Silje Stangeland (10.04.2008)

Skriv ut artikkel print symbol
Ingeniørstudentar
Ingeniørstudent Damian Michell Jeremiah, som er ferdig utdanna petroleumsingeniør til sommaren, har allereie fått tre jobbtilbod og er klar for å gå ut i jobb. Medstudent Kristin Elisabeth Næss har bestemt seg for å gå vidare på masterutdanning.
Byggstudentar. Byggstudentane Torbjørn Corneliussen og Håkon Galde ved UiS har også nyleg fått tilbod om jobb. - Det kjennes veldig meiningsfylt å studere når du veit du får jobb, seier Galde, som saman med Corneliussen er ferdig utdanna til sommaren.
Byggstudentane Torbjørn Corneliussen og Håkon Galde ved UiS har også nyleg fått tilbod om jobb. - Det kjennes veldig meiningsfylt å studere når du veit du får jobb, seier Galde, som saman med Corneliussen er ferdig utdanna til sommaren.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER