Følg kronprinsbesøket på sosiale medium


I dag kjem Kronprins Haakon til UiS for å avduka den nye bilen til ION Racing. Dei som ikkje har høve til å vere med, kan sjå arrangementet på direkteoverføring.

I tillegg til sjølve avdukinga blir det velkomsthelsing frå rektor og presentasjon av studentforeininga ION Racing og deira nye, sjølvbygde fartsfantom.

Heile seansen (45 minutt) blir overført på universitetets «mediasite». Alt du treng å gjere, er å opne denne lenka i ein nettlesar. Verktøyet let deg veksla mellom to bilete (bruk ikon øvst til høgre i det store vinduet).

Heile seremonien blir også lagt ut på nett i ettertid.

Store deler av arrangementet blir likevel strømma som interaktiv live-sending på Periscope. Dette krev at du har Twitter-konto og appen Periscope til iPhone/iPad. Følg @UniStavanger. (Førebels finst denne applikasjonen berre på IOS, men Android-brukarar skal kunne få tilgang med appen PeriscoDroid).

UiS si kommunikasjonsstab vil også dekke arrangementet på andre sosiale medium:

  • Facebook (https://www.facebook.com/UniStavanger)
  • Twitter (@UniStavanger)
  • Instagram (UniStavanger)
  • Snapchat (UniStavanger)

Arrangementet går føre seg i auditorium A1 i Kjell Arholms hus og startar klokka 17.00.

 


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (20.05.2015)

Skriv ut artikkel print symbol