Vil gi gode måltidsopplevingar


Frå kokk i Trondheim til UiS-student i Stavanger. Lasse Øvrebø er klar til å klatre på karrierestigen med ein bachelor i restaurantleiing på papiret. No satsar han på meir enn gode smaksopplevingar.

- Etter å ha jobba nokon år som kokk ville eg sjå kva for moglegheiter som fantes for vidare karriere. Eg fekk anbefalt studiet ved UiS frå kollegaer høgare oppe i bransjen. Dessutan er det eit bra restaurantmiljø i byen, fortel førsteårsstudenten.

- I tillegg til eit godt restaurantmiljø i Stavanger og eit godt miljø på sjølve studiet, er fokuset på mat og måltid også stort her i regionen, seier førsteamanuensis Kai Victor Hansen ved Norsk hotellhøgskole – institutt for økonomi og leiing, og nemner bygginga av Måltidets Hus på Ullandhaug og matfylket Rogaland som døme.

Han trur studentane som tek ein bachelor i restaurantleiing vil vere ekstra ettertrakta i arbeidsmarknaden.

- Med mangel på kokkar og servitørar med fagbrev, vil studentar som har ein bachelor i tillegg til fagbrevet stå endå sterkare, seier Hansen.

Lett å bli engasjert
Det treårige studiet i restaurantleiing har som mål å utdanne dyktige, framtidsretta og serviceorienterte leiarar innan restaurant og matfaglege verksemder i privat og offentleg sektor. Opptaks-krava er generell studiekompetanse og fagbrev, eventuelt realkompetanse.

Øvrebø fortel at det er mange gode diskusjonar på førelesningane ettersom studentane som tek bachelor i restaurantleiing gjerne har fleire års erfaring frå arbeidslivet før studia.

- Vi føler oss nyttige når vi får dele dei erfaringane vi har frå arbeidslivet med førelesarar og medstudentar. Det er lett å bli engasjert som student. Sjølve miljøet gjer det lett å trivast og skuleåret går fort, seier Øvrebø.

Dei små tinga
- På studiet lærar vi korleis vi kan sjå heilskapleg på restaurantopplevinga. Det handlar om dei små tinga som gir eit positivt totalbilete, seier Øvrebø.

- Servicen blant personale og at maten ser innbydande ut betyr mykje for måltidsopplevinga. Vi lærer å ha blikk for dei viktige detaljar.

På timeplanen står også tema som mat og helse, og hygiene. Øvrebø synest også det er bra at studentane lærar seg å vere meir akademiske i måte å tenkje på og i leiarstil.

Mange karrierevegar
Ifølgje Hansen gir studiet mange moglegheiter for karriere både innanfor den offentlege og den private sektor.

- Behovet for kompetanse i restaurantbransjen er stort. Du kan bli alt frå konsernkjøkkensjef i ein hotellkjede til kjøkkensjef på eit sjukehus. Kravet til kvalitet og service er blitt større blant folk. Eit måltid skal vere attraktivt anten du er på restaurant, på hotell, er innlagt på sjukehus eller sit på gamleheim. Eit attraktivt måltid gir verdigheit, seier han.

Meir om bachelor i restaurantleiing
Meir om måltidsoppleving


Sist oppdatert av Silje Stangeland (04.04.2008)

Skriv ut artikkel print symbol
Førelesar Kai Victor Hansen og kokk og student Lasse Øvrebø
Førelesar Kai Victor Hansen og kokk og student Lasse Øvrebø, legg alltid merke til dei små tinga ved opplevinga av eit måltid. På bachelorstudiet i restaurantleiing får studentane kunnskapar om kva som må til for å gi gode matopplevingar.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER