Kronprinsen avdukar student-racerbil


Onsdag 20. mai kjem Kronprinsen sjølv for å delta i avdukinga av årets elbil frå studentforeininga ION Racing. Bli med du også!

Rogalandsbesøket til Kronprinsen blir denne gongen avslutta med eit besøk på Universitetet i Stavanger kl. 17.00. Studentforeininga ION Racing avdukar årets racerbil, eit imponerande elektrisk kjøretøy som tar deg frå 0-100 km/t på under tre sekund!

Bilen skal delta i Formula Student, verdas største konkurranse for ingeniørstudentar, på legendariske Silverstone Circuits i England.

Alle er hjarteleg velkomne til arrangementet, som går føre seg i auditorium A1 i Kjell Arholms hus.

Men obs! Du må vera på plass i auditoriet seinast klokka 16.55.

Konkurranse
Samtidig har du sjansen til å vere med og støtte ei god sak. Studentane er nemlig opptatt av miljøet og støtter derfor den ideelle organisasjonen Charity: water.

Saman har de lagd ein konkurranse der vinnaren får ein kjøretur i eit av studentforeininga sine fartsfantomar. Kåringa skjer under avdukinga!

Kjøp lodd no (50 kr per stykk)

Påmelding for presse og meir informasjon om det kongelege besøket finn du på Fylkesmannen sin nettstad.


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (15.05.2015)

Skriv ut artikkel print symbol