Vil skape meir liv i byane


Området rundt Bruelandssenteret i Sandnes vil bli grønt og livleg om studentar ved UiS får det som dei vil. Med benkar og leikeplass og ei ny bru skal området få meir liv. Dette og fleire andre prosjekt blir no presenterte i ei eiga utstilling på campus.

Det er studentar frå tredje, femte og sjuande semester på masterstudiet i byutvikling og urban design, som viser fram prosjekta sine under ei utstilling i Ivar Langens hus.

Utstillinga opnar fredag 28. november klokka 18 og vil stå fram til 5. desember. Initiativet til utstillinga kom frå studentane sjølve og frå BiF – Byggingeniørane si lineforeining.

For mjuke trafikantar
– Vi har sett nærare på reelle område som fortener grundige studiar, fortel Astrid Solli, som går andre året på studiet, og som er i sitt tredje semester. Ho har jobba mykje med å planleggje utstillinga og med prosjektet som gjeld Brueland i Sandnes.

Her har studentane fjerna ein parkeringsplass på bakkeplan for å få meir plass til aktivitetar og rekreasjon.

– Vi vil mellom anna byggje ei bru over toglinene frå Hoveveien, slik at det blir lettare å kome seg til det nye Bruelandsområdet. Brua skal vere for gåande og syklande. I prosjekta legg vi opp til at folk skal kunne reise meir kollektivt, fortel Solli.

Studentane på studiet har også teke føre seg korleis Orstad kan utviklast vidare, korleis Oskars plass i Stavanger kan generere meir liv til sentrum og korleis heile regionen kan utvikle seg i framtida.

Ja, takk begge delar
Til saman er det 14 ulike prosjekt som blir presenterte, der nærare 40 studentar har vore involverte. Det er fyrste utstillinga studentane har i dei nye studiolokala i Ivar Langens hus. No gler dei seg til å vise fram det dei har jobba med.

– I prosjekta har vi jobba veldig praktisk, og vi har fått ein smakebit på korleis det kan bli når vi kjem ut i arbeidslivet, seier Solli.

Når studentane er ferdige, kan dei mellom anna få jobb på arkitektkontor, i konsulentfirma, hjå vegvesenet og i kommunar.

– Det er eit kjekt studium, der du både kan vere kreativ og jobbe med tekniske fag, seier Andrea Marthinsen, som er i sitt femte semester.

Ho får støtte frå Eline Øyri, som også er tredjeårsstudent og i sitt femte semester. 

– Ja, mange trur kanskje dei må velje det eine eller det andre. Men om du liker dei tekniske faga og samstundes liker å vere kreativ, ja, då er dette ditt fag, konstaterer Øyri.

Les også: Studenter stiller ut nye Gamlingen


Sist oppdatert av Hildegard Nortvedt (28.11.2014)

Skriv ut artikkel print symbol
Masterstudentar i byutvikling og urban design
PLANAR OG PROSJEKT: Masterstudentane i byutvikling og urban design vil både vise fram prosjektplakatar og modellar når dei inviterer til utstilling i dei nye studiolokala i Ivar Langens hus. Frå venstre: Eline Øyri, Lars Jørgensen (bak), Edvard Duvsete (bak), Torgeir Oma Tveiten, Monica Reinertsen (bak), Andrea Marthinsen, Kent Olav Hovstein Nordby, Shazia Ali Zade (bak) og Astrid Solli. Foto: Asbjørn Jensen
Masterstudentar i byutvikling og urban design
ALT KLART: Kent Olav Hovstein Nordby, Lars Jørgensen og Torgeir Oma Tveiten gjer alt klart til opninga av utstillinga. Dei har jobba med prosjektet for Bruelandsområdet i Sandnes. Foto: Asbjørn Jensen
Modell laga av studentar
FRAMTIDSVISJONAR: Studentar på studiet i byutvikling og urban design har mange tankar om korleis byar og stader kan utvikle seg i framtida. Her er ein av modellane dei stiller ut. Foto: Asbjørn Jensen

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER