Hjarteinfarkt på elektrolaben


Når hjarterytmen stig, pasienten svimar av og monitoren slår alarm, gløymer studentane at det berre er eit stykke plast som ligg i sjukesenga.

I 25 år har Universitetet i Stavanger utvikla øvingsdokker til utdanninga av spesialsjukepleiarar. Det gir muligheiter til å trena mange slags situasjonar som sjukepleiarar vil oppleve i røynda.

Fem masterstudentar i intensivsjukepleie får pasienten «Bernt» inn på sengeposten. Han har hatt eit anfall og er sendt frå akuttmottaket til overvaking.

– Eg har ubehag i brystet, fortel han sjukepleiarstudentane.

Tilstanden er alvorleg
Stemmen høyrer til universitetslektor Otto Aareskjold, som sit i kontrollrommet ved sidan av, men ved hjelp av mikrofon og høgtalar kjem lyden ut av munnen til «Bernt» i sjukesenga.

Han er uroa fordi broren hans har hatt hjarteproblem. Studentane forsøkjer å roa ned pasienten og gir han smertestillande medikament.

Etter kvart blir det meir alvor. Monitoren over senga visar at hjartefrekvensen er på vei opp. Slagrytmen er ujamn og går snart over i flimmer. Pasientmonitoren tek til å pipe. Tilstanden er alvorleg!

Ikkje for mykje stress
Alle desse endringane styrast manuelt frå kontrollrommet ved sidan av. Med hjelp frå elektronikken kan ei rekkje kliniske symptom, til dømes blå lepper, utslett og pustevanskar, simuleras fysisk på dokka.

Slik kan faglærarane styre utviklinga i hendingane etter behov. Det skal vere utfordrande, men studentane skal heller ikkje oppleva for mykje stress – det er ikkje bra for læringsutbyttet.

Diskusjonen er viktigast
I dette høvet blir situasjonen så alvorleg at studentane må til med elektriske sjokk for å få hjartet til å slå jamt igjen. Til slutt vaknar Bernt, forvirra og litt skremt. Litt roande medisin no, så er situasjonen under kontroll.

Treninga er over, men då startar det viktigaste: Gjennomgangen.

– Etter sjølve simuleringa går vi gjennom det som skjedde og diskuterer kva som skjedde, kva som fungerte og kva vi kunne ha gjort betre. Det skapar god læringseffekt. Vi veit betre kva vi skal gjere i verkelege situasjonar, seier student Hilde Kristin Steinsbø.

Realistisk læring
– Kor verkeleg følast simuleringa?

– Vi blir stressa når det står på, innrømmer Steinsbø.

– Nokre kjem ut av øvingsrommet og fortel at dei gløymte det berre var trening. Det er viktig at vi kan skapa realistiske læringssituasjonar i trygge omgjevnader. Her blir det mogleg å drilla inn gode rutinar for vurdering av pasient og samhandling i ein kompleks kvardag, seier Aareskjold.

– Dette er det nærmaste vi kjem utanfor praksis. Og det fungerer bra som førebuing til praksis, legg Dagrunn Dyrstad til.

25 år sidan
Dyrstad og Aareskjold jobbar på masterstudiet i sykepleie og har undervisningsansvaret for studentane med spesialisering i intensivsykepleie. Førsteamanuensis Arne Rettedal har elektronikk- og datakompetansen. Han er nestoren som starta dette tverrfaglege samarbeidet for to tiår sidan.

– Det har vore interessant og utruleg artig, seier Rettedal.

Han har vore med heilt sidan starten for 25 år sidan. Lærdal Medical si vel kjende Anne-dokke vart nytta som skal for elektronikken til den første dokka.

Først i Noreg
Rogaland Distriktshøgskole, som UiS heitte den gong, var første institusjon i Noreg som starta å trene sjukepleiarstudentar med dokker.

– Å ta i bruk avanserte simulatorar for å trena leger og sjukepleiarar under utdanning, var heilt nytt på den tida, seier Rettedal.

Utanfor USA var det kanskje berre universiteta i København og Leiden som dreiv med det same. Dei tre fann ut om kvarandre, og pionerane møttest i København i 1994. På ei kneipe i Nyhavn vart dei einige om å starta eit samarbeid. Dei første statuttane til konferansen SESAM blei skribla ned på ein serviett.

Best mogleg utbytte
Frå si spede start er dette no blitt ein levedyktig konferanse med 600 deltakarar. På konferansen sitt 20-årsjubileum i sommar vart Arne Rettedal og dei andre grunnleggjarane heidra for sin innsats for konferansen og fagmiljøet.

Rettedal og kollegaer har i alle desse 25 åra drive med forsking og utvikling av dokkene for å finne ut korleis dei best kan brukast til undervisning.

– Det dreier seg ikkje om å ha den mest avanserte dokka, men om å ha riktig utstyr for det læringsutbyttet ein er ute etter. Og at ein kan trene utan risiko, seier Rettedal.

Les meir om studietilbod på helse- og sosialfag

Les om studietilbod innanfor elektronikk og data


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (10.12.2014)

Skriv ut artikkel print symbol