– Verda er betre enn sitt rykte


25 år har gått sidan Berlinmuren fall. Sidan då har verda hatt ein god opptur.

I dag er langt fleire statar demokrati enn for 25 år sidan. Mange fleire statar har forplikta seg til å følgje menneskerettane. Det er færre krigar og færre som blir drepne i krig.

I desse dagar er Helge Ole Bergesen, statsvitar og førsteamanuensis ved UiS, ute med boka «Farvel Machiavelli. Politisk makt fra frykt til anstendighet».

Utgangspunktet er diplomat, politikar og statsteoretikar Niccolo Machiavellis (1469-1527) tese om at politisk makt alltid baserer seg på frykt. Dei statane og dei politikarane som ikkje blir frykta har inga framtid. Gjennom vilkårleg maktbruk syrgjer dei for at folk fortset å frykte dei.

Vil vise at Machiavelli tok feil
– Dette bodskapet er gjenteke så ofte gjennom 500 år at det har blitt ein sjølvforsterkande sannleik, seier Bergesen.

Med boka vil han vise at Machiavelli tok feil. Verda har utvikla seg dramatisk til det betre, særleg dei 25 siste åra etter at Berlinmuren fall.

Frykta ikkje
Ein månad før Berlinmuren fall demonstrerte 70 000 menneske i Leipzig.

Dei gjorde det til tross for at det framleis var fare for at politiet skulle stanse demonstrasjonane med vald. Over ein halv million austtyskarar samla seg i Aust-Berlin berre nokre få dagar før muren fall.

– Det demonstrantane viste i 1989 var nettopp at dei ikkje frykta, hverken politi eller det militære. Og muren fall, seier Bergesen.


Sist oppdatert av Benedicte Pentz (07.09.2016)

Skriv ut artikkel print symbol