UiS skal vurdere fusjonar


UiS-styret vil ha utgreiing av fire alternativ før universitetet si endelege tilbakemelding til Kunnskapsdepartementet i arbeidet med framtidig struktur i universitets- og høgskulesektoren.

Det blei klart på styremøtet torsdag.

Alternativa er:

  • UiS åleine, i eit meir forpliktande samarbeid med IRIS
  • Fusjon med HSH
  • Fusjon med Universitetet i Agder (UiA)
  • Fusjon med både HSH og UiA

Utfallet av desse vurderingane vil bli UiS si endelege tilbakemelding til departementet innan utgangen av oktober.

Kunnskapsministeren har satt i gang ein prosess der institusjonane skal melde frå om si strategiske plassering i eit framtidig landskap med færre høgskular og/eller universitet. 

UIS-styret skal ha eit seminar der dei ulike alternativa blir diskutert før tilbakemelding blir sendt.

Det skal også arrangerast eit allmannamøte for dei tilsette om saka. Dato for dette møtet vil bli sett så snart som mogleg.

Les meir:
Oppdraget frå kunnskapsministeren (pdf)
Nyheitsartikkel med førebels tilbakemelding frå UiS, 4. september (pdf)

 

 


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (03.10.2014)

Skriv ut artikkel print symbol