Klart for styremøte 2. oktober


Strukturendringar i høgare utdanning er blant sakene som kjem på bordet når universitetsstyret har møte torsdag.

På møtet vil rektor greie ut om samtalane ho hadde på dialogmøtet med statsråden førre veke. UiS skal sende si fråsegn om framtidig struktur i UH-sektoren innan 31. oktober.

På styremøtet vert det også lagt fram sak om etablering, endring og avvikling av studium ved UiS.

Neste år er det duka for rektorval. Styret får følgjande forslag om samansetjing av valkomité (fakultet/eining i parantes):

  • Professor Kjersti Engan (TN)
  • Professor Benn Folkvord (SV)
  • Professor Gunnar Nerheim (HF)
  • Førsteamanuensis Marianne Nitter (AM)
  • Seniorrådgiver Ellen Heiland Netland (stab-AØV)

Av andre saker kan nemnast rekneskapsrapport for 2. tertial 2014, budsjett for 2016 og tilsetjing av to instituttleiarar ved humanistisk fakultet: Institutt for kultur- og språkvitskap og Institutt for grunnskolelærarutdanning, idrett og spesialpedagogikk.

Sjå heile sakslista og last ned saksdokument her


Sist oppdatert av Maria Gilje Strand (01.10.2014)

Skriv ut artikkel print symbol