Jürgen Habermas kjem til UiS


11. september held den verdskjende filosofen Jürgen Habermas føredraget «Democracy in Europe» på Universitetet i Stavanger. Det er ope for alle interesserte.

Føredraget vil handle om EU og forsøket på å byggje demokrati over landegrensene. Jürgen Habermas vil møte kommentatorar som kjenner arbeidet hans godt.

Føredraget er ein del av eit to dagar langt symposium. 12. september blir tema folkestyret sine føresetnadar i lys av Habermas’ tenking.

Symposiet er ein del av Universitetet i Stavanger sitt 10-årsjubileum.

Sjå program og påmelding på våre konferansenettsider.
 

Føredraget vil bli filma og sendt direkte.


Føredraget med Habermas er ein av Holbergforelesingane. Fem vinnarar av Holbergprisen held førelesingar ved universitet rundt om i Noreg.


Sist oppdatert av Ida Gudjonsson (12.09.2014)

Skriv ut artikkel print symbol