Stavanger Forums formidlingspris til Ola Kvaløy


Den profilerte økonomiprofessoren Ola Kvaløy er tildelt Stavanger Forums formidlingspris for 2013.

– Prisvinnaren deltek opent og aktivt i samfunnsdebatten og brukar gode og konkrete døme når han formidlar kompliserte økonomiske samanhengar, sa Cornelius Middelthon, direktør for Stavanger Forum, då han delte ut prisen.

Ola Kvaløy er økonomiprofessor ved Handelshøgskulen ved UiS. Formidlingsprisen vart delt ut under semesteropninga ved Universitetet i Stavanger måndag 18. august.
 

Når både fagfellar og folk flest
I grunngivinga peiker juryen på at Kvaløy når ut til både fagfellar og folk flest gjennom sin forsking og formidlingsaktivitet. Han har lenge vore ein profilert forskar og vert ofte kontakta av journalistar for informasjon og kommentarar knytt til samfunnsøkonomiske problemstillingar.

I 2013 vart han invitert til å gje seminar på ei rekkje universitet og formidla si forsking på fleire internasjonale forskarkonferansar.
 

Kjend som kronikør
Som formidlar er Kvaløy kanskje mest kjend frå fredagskronikkane i Dagens Næringsliv. Han har fast spalte på side tre i Dagens Næringsliv saman med fem andre av dei fremste yngre økonomane i landet.

I sine kronikkar viser Kvaløy stor bredde i val av tema. Lærarløn, byråkratisering, tiggeforbod og julegåver er nokre av temaa han har teke opp.

Kvaløy er aktiv på Twitter og du kan følgje han på @olakvaly.


Sist oppdatert av Ida Gudjonsson (18.08.2014)

Skriv ut artikkel print symbol
Cornelius Middelthon og Ola Kvaløy med innrammet pris mellom seg
Ola Kvaløy har lenge vore ein profilert forskar og vert ofte kontakta av journalister for informasjon og kommentarar knytt til samfunnsøkonomiske problemstillingar. Her saman med Cornelius Middelthon. Foto: Asbjørn Jensen

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER