Fekk innovasjonsmidlar til ARENA velferdsteknologi


Stavanger-regionen gikk heilt til topps i konkurransen om Innovasjon Norges midlar til regionale satsingar på innovasjonsklynger.

ARENA Velferdsteknologi har som mål å utvikle velferdsteknologiske løysingar for framtida og sette regionen på kartet, i både nasjonal og internasjonal samanheng.

Næringsminister Monica Mæland annonserte tildelinga onsdag. Både UiS og IRIS var med på søknaden som ble initiert av Greater Stavanger.

Mange partnarar
ARENA-prosjektet er eit næringsretta klyngesamarbeid som består av totalt 40 aktørar i regionen. I tillegg til 22 bedrifter inneheld klynga: 

  • innovasjonspartnarar som Greater Stavanger, Prekubator TTO og Ipark,
  • forskings- og utviklingsaktørar som Stavanger Universitetssjukehus, UiS og IRIS,
  • samarbeidspartnarar som NAV Hjelpemiddelsentralen i Rogaland,
  • fleire kommunar i Stavanger-regionen
  • Rogaland Fylkeskommune.

Leiande posisjon
Av totalt 18 søkjarar vart fire tatt opp som Arena-prosjekt. Stavanger-regionen sitt prosjekt får med dette ei tildeling frå Innovasjon Noreg på om lag seks millionar kroner over tre år. Næringslivet bidrar i tillegg med betydeleg eigen innsats.

– Alt ligg no til rette for at denne regionen skal ta ein leiande nasjonal og kanskje internasjonal posisjon innanfor velferdsteknologi, seier prosjektleiar Marit Hagland ved iPark i eit intervju med Stavanger Aftenblad. 

Les meir på Ipark sine nettsider


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (20.06.2014)

Skriv ut artikkel print symbol