Millionar til forsking på utdanning


Forskningsrådet si nye storsatsing på utdanningsforsking, har tildelt 161 millionar kroner til 21 prosjekt. UiS er involvert i fem ulike prosjekt som til saman vart tildelt ein fjerdedel av totalsummen.

Tidlegare denne veka vart det kjent at Universitetet i Stavanger (UiS) vart tildelt heile 32 millionar kroner gjennom programmet for Forskning og innovasjon i utdanningssektoren (FINNUT). Dette programmet er Forskningsrådet si nye storsatsing på utdanningsforsking, og til saman vart det tildelt 161 millionar kroner til 21 prosjekt innan utdanningsforsking.

– God utteljing
UiS fekk ei god utteljing av tildelinga med 32 millionar kroner delt på fire prosjekt. I tillegg er Thormod Idsøe frå Læringsmiljøsenteret involvert i eit prosjekt som vart tildelt 7 millionar kroner, noko som tyder at UiS er involvert i toalt fem forskingsprosjekt som til saman vart tildelt 39 millionar kroner, eller ein fjerdedel av dei tildelte midlane.

Denne tildelinga er eit bevis på at UiS er i front når det gjeld utdanningsforsking. Totalt fekk UiS stønad til fire prosjekt, der tre av dei er prosjekt som høyrer til HF-fakultetet, og eit som høyrer til SV-fakultetet. FINNUT er eit stort og langsiktig program som dekkjer heile utdanningssektoren – frå barnehage og skule til høgare utdanning og vaksne si læring.

Utøver klasseleiing
Eit av prosjekta som UiS leiar og som fekk stønad frå Forskningsrådet, er Sigrun Ertesvåg ved Læringsmiljøsenteret sitt prosjekt «Classroom interaction for enhanced student learning (CIESL) - Implementing research based knowledge regarding teacher-student interaction». Prosjektet vil utvikle kunnskap om korleis lærarar omset teoretisk kunnskap om klasseleiing til praktisk handling i klasserommet, og korleis lærarar si kompetanseutvikling er knyt til elevar si læring og læringsutbytte.

Vidare vil prosjektet sjå på kva faktorar i skulen som organisasjon som kan legge til rette for lærarar si kompetanseutvikling innan klasseleiing og kva faktorar som kan hemme.

– Det vil særleg være fokus på nyutdanna lærarar si utvikling av klasseleiing. I dette arbeidet vert det viktig å sjå nærare på korleis erfarne lærarar utøver klasseleiing, seier Ertesvåg.

Kjem enkeltlærarar til gode
Prosjektet vil omfatte observasjonar i klasserommet, intervju, loggar og spørjeskjema til lærar og elevar ved skular som deltek i ei nasjonal satsing der klasseleiing er eit sentralt element. Studien vil òg gje kunnskap om korleis skular implementerer nasjonalt initierte prosjekt og korleis slike satsingar initiert av myndigheitene kan kome enkeltlærarar og elevar til gode.

– Eit mål med prosjektet, er at kunnskapen skal gje grunnlag for materiell som videodøme, artiklar, nett-tekstar og liknande som kan bidra til lærarar si utvikling. Materiellutviklinga vil skje både under og etter prosjektet, seier Ertesvåg.

Prosjektet er eit samarbeid mellom Læringsmiljøsenteret, Institutt for grunnskoleutdanning, idrett og spesialpedagogikk (UiS) og Institutt for Pedagogikk (Høgskulen i Telemark). I tillegg er forskarar og forskingsmiljø frå Sverige, Storbritannia og USA involvert i samarbeidet. Prosjektet er planlagt å starta opp til hausten og vil gå over fire år. Prosjektet er innvilga 10 millionar kronar.

Tidleg innsats
Mari Rege er leiar for prosjektet «Leveling the playing field: An intervention to promote school readiness and human potential», som har vorte tildelt 10 millionar kroner gjennom FINNUT-programmet. Prosjektet skal gjere at femåringar i ein rekkje barnehagar på Sørlandet skal få langt tettare oppfølging før skulestart.

I prosjektet samarbeider professor Mari Rege ved Handelshøyskolen med Ingunn Størksen ved Læringsmiljøsenteret. I dette prosjektet skal femåringar i 50 barnehagar i Agder i åtte timar kvar veke få tett oppfølging av personalet i barnehaget. Dette kan gje dei betre ferdigheiter i språk og talforståing samt gjere dei sosiale ferdigheiter og sjølvreguleringa deira betre. Forskarane skal undersøke kva dette betyr for korleis dei klarar seg. Rege trur at tidleg innsats kan føre til at fleire klarar seg i utdanning og arbeidsliv.
 

UiS-prosjekta som fekk stønad gjennom Forskningsrådets FINNUT-program:


Store forskarprosjekt på barnehage og grunnopplæringa:
 

1) "Leveling the playing field: An intervention to promote school readiness and human potential":

- Prosjekteigar: Universitetet i Stavanger.
- Prosjektleiar: Mari Rege.
- Fekk stønad på 10 millionar kroner.
- Er eit samarbeidsprosjekt mellom Handelshøyskolen ved Mari Rege og Læringsmiljøsenteret ved Ingunn Størksen.
 

2) "Classroom interaction for enchanced student learning (CIESL) - Implementing research based knowledge regarding teacher-student interaction":

- Prosjekteigar: Universitetet i Stavanger.
- Prosjektleiar: Sigrun K. Ertesvåg.
- Fekk stønad på 10 millionar kroner.
- Det er Læringsmiljøsenteret som leier prosjektet.
 

Kompetanseprosjekt:
 

3) "Responsive literacy practices in digitalizes classrooms":

- Prosjekteigar. Universitetet i Stavanger.
- Prosjektleiar: Atle Skaftun.
- Fekk stønad på 6 millionar kroner.
- Det er Lesesenteret som leier prosjektet.

 

Forskarprosjekt om spesialpedagogiske tiltak og spesialundervisning:

4) "On track - Reducing the number of children with reading difficulties":

- Prosjekteigar: Universitetet i Stavanger.
- Prosjektleiar: Oddny Judith Solheim.
- Fekk stønad på 6 millionar kroner.
- Det er Lesesenteret som leier prosjektet.
 


Sist oppdatert av Maria Gilje Strand (02.06.2014)

Skriv ut artikkel print symbol