Ekspertgruppe skal sjå på finansiering av universitet og høgskular


Kunnskapsdepartementet har gitt ei fagleg ekspertgruppe i oppdrag å sjå nærare på finansieringa av universitet og høgskular. Målet er å styrkje kvaliteten på forsking og utdanning. Administrerande direktør ved IRIS, Ole Ringdal, er ein av ekspertane som skal bidra.

Finansiering er eit avgjerande verkemiddel i utviklinga av høgare utdanning og forsking. I ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet uttaler kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen at ekspertgruppa sitt viktigaste oppdrag blir å sjå på korleis eventuelle endringar i finansieringa kan bidra til å styrkje kvaliteten på forsking og utdanning.

Vekst i utdanning og forsking
Universitet og høgskular har eit omfattande samfunnsmandat knytt til forsking, utdanning og formidling, og er viktige bidragsytarar i sin region. Det har i ein tiårsperiode vore ein vesentleg vekst i omfang av utdanning og forsking ved institusjonane. Det har blitt fleire studentar, fleire doktorgrader og meir publisering per forskar.

Samstundes peiker evalueringar og forsking på at universitets- og høgskulesektoren er prega av mange små og fragmenterte fagmiljø, at institusjonane blir likare og at Noreg i mindre grad enn sine naboland bidreg til gjennombrotsforsking. Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) og Statistisk sentralbyrå (SSB), har i fleire rapportar funne betydelege utfordringar knytt til kvalitet og fråfall.

Kunnskapsministeren ber no ekspertgruppa om faglege råd for korleis ein kan nå regjeringa sine mål for universitets- og høgskulesektoren. 

IRIS-direktør i ekspertgruppa
Ekspertgruppa består av norske og nordiske fagpersonar med brei fagleg kompetanse innan høgare utdanning og økonomisk styring i offentleg sektor. Gruppa sine medlemmar skal vere fagleg uavhengige og ikkje representere sektorinteresser.

Ekspertgruppa skal leiast av Torbjørn Hægeland, forskingsdirektør ved Statistisk sentralbyrå.

Administrerande direktør ved IRIS, Ole Ringdal, er medlem av ekspertgruppa. Han har tidlegare vore dekan ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultet ved Universitetet i Stavanger og dekan ved Fakultet for teknologiske fag ved Høgskulen i Telemark. Ringdal har også lang industrierfaring.

Ekspertgruppa består av: 
Torbjørn Hægeland, forskingsdirektør ved Statistisk sentralbyrå (leiar)

Astrid Oline Ervik, forskar ved Samfunns- og næringslivsforsking (SNF), Noregs handelshøgskule

Hanne Foss Hansen, professor ved Universitetet i København

Arild Hervik, professor ved Høgskulen i Molde, vitskapleg høgskule i logistikk

Kjell Erik Lommerud, professor ved Universitetet i Bergen

Ole Ringdal, direktør ved International research institute of Stavanger (IRIS)

Kerstin Sahlin, professor ved Universitetet i Uppsala

Britt Elin Steinveg, assisterande universitetsdirektør ved UiT – Norges arktiske universitet

Bjørn Stensaker, professor ved Universitetet i Oslo

Ekspertgruppa skal levere sin rapport ved årsskiftet 2014/2015.

Kunnskapsdepartementet har også lyst ut eit oppdrag for å gå gjennom kostnader ved universitet og høgskular. Departementet ønskjer betre kjennskap til korleis kostnader ved institusjonane er fordelte på ulike delar av deira kjerneverksemd (utdanning, forsking, formidling). Resultat frå dette oppdraget vil vere med å danne grunnlaget for arbeidet ekspertgruppa skal gjere.


Sist oppdatert av Silje Stangeland (10.04.2014)

Skriv ut artikkel print symbol