UiS går i samarbeid med GE Oil and Gas


Universitetet i Stavanger og GE Oil and Gas Norway signerte denne veka ei samarbeidsavtale. Partane skal finne spennande prosjekt dei kan samarbeide om, til nytte for både partar.

Kontraktssignering på UiS, frå venstre leiar for eksterne relasjonar Terje Frøiland (UiS), fungerande dekan Bjørn Hjertager (UiS), Tom Huuse, regional manager Nordic region (GE Oil and Gas), og Espen Ogne, finance manager (GE Oil and Gas). Foto Camilla Brandt.


Forskingsprosjekt, studentoppgåver, deltids undervisningsstillingar og møteplassar mellom studentane og selskapet er berre nokre av ideane som vil bli diskutert på jamlege kontaktmøter framover.

Intensjonsavtala vart signert tidlegare denne veka.

– For UiS er det ein stor milepåle å få avtale med GE Oil and Gas. Vi er heilt avhengige av samarbeid med industrien for å utvikle oss vidare. Dette er ein stor dag for oss, sa Terje Frøiland, leiar for eksterne relasjonar ved det Teknisk-naturvitskaplege fakultet.

GE er eitt av verdas største selskap, med røter heilt tilbake til Thomas Edison. Selskapet står bak mange innovasjonar og satsar stort på teknologi. GE si satsing på olje og gass er relativt ny, men i vekst.

– Vi vil fortsetje å vokse i Norden, men er avhengige av kompetanse. Vi har mykje å bidra med og ønskjer ei kunnskapsutveksling med UiS. Eg håper dette kan bli eit fruktbart samarbeid for både partar, seier Tom Huuse, regional manager (Nordic region).

Les meir om samarbeid med UiS


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (06.03.2014)

Skriv ut artikkel print symbol