Kritisk til UiS-tal i ranking


UiS-rektor Marit Boyesen er kritisk til UiS-tal i Studiebarometeret, som blei lansert i dag. Svarprosenten frå UiS er svært låg i den nasjonale undersøkinga av studiekvaliteten til lærestader. Undersøkinga oppfyller ikkje elementære kvalitetskrav til å kunne seie noko om studiekvaliteten på alle undersøkte program eller UiS som institusjon.

– Dette er særlig uheldig når undersøkinga vil bli brukt av komande studentar ved val av studiestad, seier Boyesen.

Studiebarometeret er ei nasjonal spørjeundersøking om studentane sin opplevde studiekvalitet. Prosjektet er initiert av Kunnskapsdepartementet og utført av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT). Første gong undersøkinga blei gjennomført var i oktober 2013. Undersøkinga skal etter planen gjennomførast årleg.

I undersøkinga har berre andre- og femteårsstudentar på bachelor- og masterprogram fått invitasjon til å delta. Minstekravet for at evalueringar av eit studieprogram skal kome med, er eit minimum på 10 studentar og ein svarprosent på minimum 10 i studentgruppa.

– Vi meiner dette er for lågt til å kunne trekkje slutningar om studiekvaliteten på eit studieprogram, seier UiS-rektoren.

Ikkje representativt
I undersøkinga har UiS ein svarprosent på 17, som berre tilsvarar 419 svar frå andre- og femteårs studentar på ulike studieprogram ved universitetet. Totalt har UiS over 9 600 studentar. 71 studieprogram frå UiS var med i undersøkinga, men berre 11 program oppnådde krava til svarande og svarprosent for å kome med i oversikta.

Den totale svarprosenten i den nasjonale undersøkinga er 32 prosent. 659 studieprogram er rangerte, som tilsvarar 40 prosent av alle studieprogram. Både universiteta og private og offentlege høgskular er med i undersøkinga. Totalt har 58 institusjonar delteke.

– Studiebarometeret er eit positivt tiltak, der resultata frå undersøkinga skal bidra til å betre kvaliteten på studieprogramma og studiekvaliteten til den einskilde institusjon. I tillegg skal det vere ein hjelp til komande studentar i val av studiestad, seier rektor Marit Boyesen ved UiS.

– Vi er svært bekymra i forhold til publisering av resultata frå UiS då vi dessverre har så låg svarprosent at kvaliteten på dataene ikkje gir grunnlag for å trekkje nokon konklusjonar. Fleire av våre professorar med høg kompetanse innan statistikk og kvantitativ samfunnsvitskapleg metode, har bistått oss i desse vurderingane, seier Boyesen.

Utsending til feil e-postar
– Den låge svarprosenten frå UiS skuldast mellom anna at undersøkinga ikkje blei gjort kjent nok blant studentane, og her skal vi også sjå på eigne rutinar, men ei viktig årsak til den låge deltakinga var at den første utsendinga av undersøkinga frå NOKUT blei sendt til studentane på feil type e-post, seier Boyesen.

Den første utsendinga av undersøkinga gjekk nemlig til studentane sine e-post-adresser på UiS, medan undersøkinga skulle vore sendt til studentane sine private e-post-adresser.

Etterpå blei purringar sendt til studentane sine private e-post-adresser, noko som i det minste gjorde at svarprosenten auka frå fem til 17 prosent.

Resultata frå undersøkinga er gjort tilgjengelege i nettportalen Studiebarometeret.no, som blei lansert på ein pressekonferanse i Oslo måndag 3. februar klokka 08.00.

UiS-programmer i Studiebarometeret
Følgjande studieprogram ved UiS har hatt høg nok svarprosent blant andre- og femteårs studentar til å kome med i Studiebarometeret:

På bachelor i barnevern har studentar gitt ei totalvurdering på 4,2, medan landsgjennomsnittet for alle sosialfag i undersøkinga er på 4,0 poeng. 10 studentar og 10 prosent av 2. årsstudentane på studiet har svart.

Grunnskolelærarutdanning 5.-10. trinn har fått ein totalscore på 3,5, medan gjennomsnittet for alle grunnskolelærarutdanningane er på 3,7 poeng. 17 studentar har svart, med ein svarprosent på 31.

Helsevitskap master har fått ein totalscore på 4,1 poeng, medan gjennomsnittet for helse -og sosialfag er på 3,9 poeng. 16 studentar har svart, med ein svarprosent på 40.

Petroleumsteknologi master har fått ein totalscore på 4,2 poeng, medan landsgjennomsnittet er på 3,5. 12 studentar har svart, med ein svarprosent på 18.

Bachelor i reiselivsleiing har fått ein totalscore på 3,5 poeng, medan gjennomsnittet er på 3,8 poeng. 13 studentar har svart. Svarprosenten er 18.

Master i samfunnssikkerheit har fått ein totalscore på 4,4, medan landsgjennomsnittet er på 3,9 i alle statvitskaplege fag. 16 studentar har svart. Svarprosenten er 38.

Bachelor i sosialt arbeid har fått ein totalscore på 4,1, medan gjennomsnittet er på 4,0 poeng. 19 studentar har svart. Svarprosenten er 23.

Bachelor i sjukepleie har fått ein totalscore på 3,3, medan gjennomsnittet er på 3,9. Her har 22 studentar har svart og svarprosenten er 13.

Bachelor i økonomi og administrasjon har fått ein totalscore på 3,4 poeng, medan gjennomsnittet er på 3,8. Her har 14 studentar svart, og svarprosenten er på 13.

Toårig master i økonomi og administrasjon har fått ein totalscore på 3,9 poeng, som er det same som landsgjennomsnittet. Her har 14 studentar svart, og svarprosenten er 18.

Bachelor i sosiologi har fått ein totalscore på 3,7 poeng, medan gjennomsnittet er på 4,0 poeng. Her har 26 studentar svart, og svarprosenten er 29.

Les meir om Studiebarometeret


Sist oppdatert av Silje Stangeland (03.02.2014)

Skriv ut artikkel print symbol
UiS-rektor Marit Boyesen
LÅG SVARPROSENT: UiS-rektor Marit Boyesen er kritisk til UiS-tal i Studiebarometeret. – Vi må og sjå på eigne rutinar for å gjere undersøkinga kjent nok blant studentane, seier Boyesen.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER