Populært pensjonisttreff


Om lag 80 tidlegare tilsette ved UiS deltok på pensjonisttreff i Arne Rettedals hus i dag. Rektor Marit Boyesen og universitetsdirektør John B. Møst inviterte på kaker, kaffi, og ein god drøs.

– Det er ein glede å få ønskje dykk alle velkomne til pensjonisttreff her på UiS, sa rektor til dei inviterte gjestane.

Det er første gong at eit slikt treff blir arrangert ved UiS, og truleg blir det ein årleg tradisjon.

I fjerde etasje var det nemleg fullsatt. Også inne på styrerommet og på møterommet sat det gjestar til bords.

– Kanskje vi må finne eit anna lokale neste gong, sa Boyesen, som var glad for den store interessa.

Ideen til arrangementet kom då leiinga fekk høyre at nokre av pensjonistane  pleier å treffast i byen.

Takka pensjonistane
Etter å ha fortalt litt om UiS i dag og utviklinga fram mot det universitetet UiS har blitt, takka rektor gjestane for deira bidrag.

– I utviklinga av UiS har de spilt ein viktig rolle. Vi er takksame for at de har vore med å føre oss dit vi no er, sa Boyesen.

Også universitetsdirektør John B. Møst var takksam for alt det pensjonistane har gjort for universitetet.

– Alle de som sit her har bygd ein liten del av universitetet. De er ein del av grunnmuren, sa han til gjestane før det var tid for kaffi, kaker og den gode drøsen.

 


Sist oppdatert av Silje Stangeland (24.01.2014)

Skriv ut artikkel print symbol
 Rektor Marit Boyesen held tale på pensjonisttreffet (Foto: Asbjørn Jensen)
ØNSKTE VELKOMEN: Rektor Marit Boyesen var glad for at så mange tidlegare tilsette hadde teke turen til UiS i dag. (Foto: Asbjørn Jensen)
 Universitetsdirektør John B. Møst held tale på pensjonisttreffet (Foto: Asbjørn Jensen)
GOD STEMNING: I sin tale takka universitetsdirektør John B. Møst dei inviterte gjestane for alt dei har gjort for UiS. (Foto: Asbjørn Jensen)

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER