IT-lab er studentmagnet


Eit samarbeid med IT-selskapet Atea gjer det mogleg for UiS å tilby studieemne i kommunikasjonsteknologi og Cisco-sertifisering. Studentane strømmer til det nye tilbodet.

Senioringeniør Tuan Williams kan no undervise Erik Stokkeland, Odd Eivind Evensen og 70 andre studentar i nettverksteknologi.


Regiondirektør i Atea, Petter Alfsen, klippa i går snora på ein splitter ny IT-lab. Utstyret i det nye datarommet gjer det mogleg for ingeniørstudentane i data- og elektro å ta to nye valfrie studieemne: kommunikasjonsteknologi 1 og 2.

Institutt for data- og elektronteknikk (IDE) rekna med at 50 studentar ville velje desse faga, men etterspurnaden var over alle forventingar. Til no har 70 studentar meldt seg på.

– Det er overveldande og viser at dette er noko studentane vil ha, seier senioringeniør Tuan Williams ved UiS.
Erik Stokkeland og Odd Eivind Evensen er blant studentane som har takka ja til det nye tilbodet.

– Relevant
– Emnet er svært relevant. Eg har bakgrunn som telemontør, så eg har jobba med dette i praksis. No kan eg få heile biletet, både teori og praksis, seier Stokkeland.

– Oppretting og drift av IT-nettverk er ekstremt viktig og kostbart arbeid. Jo meir dei tilsette i ein bedrift kan om det, dess meir får ein ut av det. Og her har vi tilgang til oppdatert utstyr, som du finn der ute i den verkelege verda, seier Evensen.

Nettbasert
Williams, som har vore sentral i oppbygginga av den nye laben, fortel at studentane vil måtte utføre nesten 40 praktiske testar og løyse 150 oppgåver. Undervisningsmateriellet er nettbasert og mange oppgåver skal løysast online.

– Vi forsøker å gi kandidatane våre ei allsidig utdanning, det set også næringslivet pris på. Samtidig er det viktig at dei får gå i djupet på noko, seier Williams. 

Laben består av sju store skap med nettverksutstyr. Kvart skap har fått namnet til ei verdsdel og til saman inneheld dei 120 separate komponentar. Dette blei mogleg ved hjelp av ei gåve på to millionar kroner frå selskapet Atea.

Gåve frå Atea
– Med den eksplosive veksten som er i denne bransjen, er det eit udekt behov for nettverkskompetanse. Utdanningssektoren vier også for lite merksemd til IT-infrastruktur. Vi håper det nye tilbodet vil rette på det, seier Alfsen.

Atea gir seg likevel ikkje med dette. Den beste studenten som tek kommunikasjonsteknologi i år får ei sponsa tur til ei internasjonal teknologimesse.

Les også: Vil utdanne flinkere IT-ingeniører


Sist oppdatert av Ida Gudjonsson (17.01.2014)

Skriv ut artikkel print symbol