90 nye bustader til stipendiatar og internasjonale studentar


Til saman vil 90 nye bustader snart stå klare til stipendiatar og internasjonale studentar ved UiS. Av desse ligg 68 i ei tidlegare befalskaserne på Sola sjø. Resten ligg i to hus i Stavanger som UiS skal leige av Statsbygg.

No når Sola kommune har kjøpt dei gamle forsvarseigedommane ved Sola sjø, skal UiS få leige den eine av bygningane, ei befalskaserne med 68 rom.

Bygget er frå 1989 og har hyblar i to etasjar. Det er UiS som skal administrere utleiga av hyblane.

Ifølgje ressursdirektør Rolf L. Ringdahl ved UiS skal bygninga kunne brukast av stipendiatar, utanlandske studentar og tilsette som treng ein midlertidig plass å bu.

– Vi har eit stort behov for bustader til stipendiatar og internasjonale masterstudentar. Sjølv om behovet for rom nærmast er umetteleg, vil hyblane ved Sola sjø lette situasjonen for oss, seier Ringdahl, som fortel at standarden på hyblane i befalsbygget er god.

– Hyblane ved Sola sjø er i god stand og vil vere eit godt tilbod til våre studentar, stipendiatar og tilsette som treng ein stad å bu, seier Ringdahl.

– Det er framleis nokre praktiske detaljar som må på plass før hyblane kan leigast ut, men dei skal vere klare for innflytting 1. januar 2014, fortel han.

I tillegg til hyblane ved Sola sjø skal UiS også leige to hus som Statsbygg eig. Det eine ligg på Madlaveien og det andre i Valkyrjegata i Stavanger. Dei kjem i tillegg til eit hus som UiS allereie leiger til slike føremål.

Dei to husa i Stavanger skal til saman huse om lag 22 stipendiatar eller internasjonale studentar.

Denne saka stod på trykk i Univers nr. 2 2013 der temadelen tok for seg behovet for studentbustader. 

Les også: 
Studentbustader på sparebluss (temasak  i Univers nr. 2 2013)
Frir til næringslivet for å dempe boligkrisen (temasak  i Univers nr. 2 2013)
Boksåpning på campus (temasak  i Univers nr. 2 2013)


Sist oppdatert av Silje Stangeland (16.12.2013)

Skriv ut artikkel print symbol
UiS skal leige den eine av bygningane ved Sola sjø, ei befalskaserne med 68 rom. (Foto: Asbjørn Jensen)
NYE HYBLAR: Sola kommune har kjøpt forsvarseigedommane ved Sola sjø. UiS skal leige den eine av bygningane, ei befalskaserne med 68 rom. (Foto: Asbjørn Jensen)

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER