Familiedag


Sundag, 15. desember, byr vi på to spennande familietilbod på Arkeologisk museum. Kl. 12 kan du bli med på omvisinga Tidsreisa – ei vandring i forhistoria med aktiviteter, og frå kl. 13 kan du prøve vår tidsmaskin.

I omvisinga Tidsreisa tek reiseleiaren deg med frå steinalder til middelalder. Du får sjå alt frå 1500 år gamalt smør, til bronselurar funne på Revheim, til det mest komplette steinalderskjelettet i Noreg.

Underveis i omvisinga får du prøve deg på ulike aktivitetar, som å skjære i skinn med flintflekker, lage eld med eldstål og skrive runer.


Tidsmaskinen
Tidsmaskinen er open frå kl. 13. Gå inn, reis 10 000 år tilbake i tid – til ein steinalderbuplass. Her kan du ta del i dagleglivet, i skinnteltet finn du utstyr du kan prøve. Du kan dra på fisketur i stokkebåten, slipe steinreiskapar og lage eld på steinaldervis.


Nyt kaffi og påsmurd i vår museumskafé. I gåvebutikken finn du flotte og spesielle julegåver.

Opningstider: tysdag 11.00–20.00, onsdag – laurdag 11.00–15.00, sundag 11.00–16.00, måndag stengt.
 


Sist oppdatert av Ida Gudjonsson (20.12.2013)

Skriv ut artikkel print symbol
Ein vaksen og to born prøver museet sin eldbenk.
Korleis laga dei eld i steinalderen? På Arkeologisk museum kan du prøve deg ved eldbenken.
Gut fiskar frå stokkebåten.
På vår steinalderboplass kan du søkje fiskarlukka.
Nyttige lenker

Nyttige lenker finner du på intranettet på denne sida

Du kan også legge til dine egen snarveier på intranettet fra forsida - sjekk "Mine lenker" øverst til venstre på forsida til intra.uis.no